Kontaktperson | Helene Olli Sollid |
Adresse | Gripavegen 86 5919 5918 Frekhaug |
Telefon | 56176416 / 99293971 |
Lengdegrad | 5.126796 |
Breddegrad | 60.567836 |
“Gripen gard og rurale tidsreiser” er eit ekte gamaldags Vestlandsbruk forma av sauen gjennom hundrevis av år. Sauene er gamalnorsk sau og all ull vert sortert og utnytta til alt frå garn til isolasjon. Gripen har ei stor samling gamle tekstilar av ull og verktøy for arbeid med ull. Gripen tilbyr overnatting, kurs og opplevingar.Utover hausten har me guida soppturar. Me har marknadshage, GRIPEN GRØNT; med sesong-grøsaker til sals. På haustparten sel me saueslakt, og me lagar pinnekjøt og fenalår til jul, som kan bestillast og hentast i Gripen, eller sendast. Me lagar og ulike sirupar, syltetøy, fermenterte grønsaker, hasselnøtter mm. All produksjon er dediosertifisert. Stolt innehavar av merket HANEN, vegvisar til norske bygdeperler.
Litt om Gripen.Garden Gripen er ein gard på 475 da, og ligg midt på Holsnøy, heilt for seg sjølv, ved padlarparadiset Storavatnet.
Her ser me ingen naboar, har berre kjerreveg fram til husa og difor ingen trafikk. Garden er under oppbygging etter å ha lege brakk i lengre tid. Alle bygningar på garden er fra 17- og 1800-talet. Her er lemstove (typisk vestlandshus), eldhus, smie og vognskjul i eitt, to naust og sag. Løa var dessverre rasa saman då me overtok, så me måtte rive. No er eg nesten ferdig med å reparere dei gamle murane og snart reiser det seg ei ny løe på murane. Dette skal vere eit grindbygg, likt det som sto der. Elles får eg vøle husa etter kvart som eg får tid og råd.
Då eg kom til garden i 2011, og garden hadde då lege brakk i ca 20 år. Eg sette igang å rydde og restaurere jordbruksareala. For meg var det viktigaste å få garden i drift. Eg kjøpte sauer og høns med ein gong, og eg har no ein flott og rasetypisk stamme av gamalnorsk sau. Eg sel livdyr, og driv med vêrutleige. Eg lagar og fenalår, pinnekjøt osv. Gripen gard er ein heilt spesiell stad, ligg i enden av ein blindveg, og midt i villmarka. Garden har eit autentisk kulturmiljø med flotte bøar, steingardar, bakkemurar, og mange eldre bygningar, ( smie, eldhus, sag, lemstove mm) som no er restaurert. Eg er med i WWOOF, (http://www.wwoofnorway.org/ søk på Gripen gard) og er vert for folk som kjem for kulturutveksling ved å arbeide og lære for kost og losji. Dette har eg svært positiv erfaring med, og dei som er her jobbar forunderleg hardt, og er veldig nøgde likevel.
Litt om verten; Helene Olli (woodcreaturemama) Eg har alltid vore svært energisk, og likt å ha prosjekter. Eg gjer det meste sjøl, anten det er å byggje nytt kjøken, setje opp gjerder, reparere og restaurere, eller sy bunad. Eg får stort sett til det eg vil, for å seie det enkelt, og eg vil mykje... Eg er utdanna sivilarkitekt, og har jobba som det i mange år. Etter kvart vart det alt for kjedeleg og stillesitjande for meg, så eg "hoppa av" og byrja som handverkar. Eg starta den lille antikvariske verkstaden Altmuligoteren. Så bestemte eg meg for å finne eit levebrød heime på garden. Så då gjorde eg det. I tillegg til meg er kompanjongen min Kristine. Me finn på mykje rart og har det frykteleg artig.
Litt om kompanjongen; Kristine Takvam. (snusmumriken) Kristene kom til Gripen som praktikant i 2015. Sidan har ho dreve med reiseverksemd, kome og reist masse akkurat som Snusmumriken, og undertida har ho utdanna seg til agronom. I år flytta ho hit og har starta opp med marknadshage, og sel grønsaker på Rekoringen. Kristine driv mykje med ull, og held kurs i mellom anna plantefarging og brikkevev.
Kva skjer på Gripen gard:
Berekraftig turisme:
1.Glamping: Overnattingar og feriar utanom det vanlege. I små minihus, liknande sheperds hut, kan me tilby koseleg og spesiell overnatting, i tillegg til ferie på ein autentisk gard med 1950-talsdrift. Eg har fleire båtar som gjestene kan bruke. Det er berre villmark kring garden så langt du ser, og det er lett å få fisk i vatnet.
Systova/Crafters nest. Superkoseleg lite hus, ala cheperds hut, med lita dobbelseng (120x200) og vedkomfyr. Her kan de lage mat på vedfyrt omn. Det er eit gasbluss i tillegg, og høve til å låne kokeplater. Dette fiksar me etter korleis de vil ha det, når de kjem. Det er eit lite komposttoalett i hytta. Ekstra ved kan hentast på garden.
Skrivestova/Writers nest Koseleg minihus med lita dobbeltseng, 140x200, og to ekstra madrassar i tilfelle det trengs. Det er to rom i huset, og komposttoalett ute, men under same tak, så ein kan gå på sokkelesten. Det er ei mengd bøker i hyllene, for regndagar eller kalde kveldar. Det er muleg å lage mat i hytta, men det er pr no ingen steikomn. Vatn i kran utanføre husveggen. Det er ein liten lun og solrik terasse med bålfat rett utanføre inngangsdøra. Ekstra ved kan hentast på garden.
Roseholmen; (“All inclusive aude øy”)) På Roseholmen har me sett opp ein stor pvc-lavvo. Roseholmen er ein liten fin holme i Storevatnet. Det er tregolv i lavvoen. Lavvoen er koseleg innreidd, med skikkelege kvalitetsting og vedomn. Det er soveposar og tepper, litt ekstra kle, spel, sager, økser, og mykje anna utstyr i lavvoen. Alt frå antikke kister og kelimar, til vedfyrt vaffeljarn. Ute er det bålplass. Eg leiger ut med båt, fiskegarn og flytevester. Møbleringa i lavvoen er slik at alle kan lage det til slik dei vil ha det, lage sitt eige reir. Ofte er det ingen andre ute ikring lavvoen eller på vatnet, og du kan nyte kjensla av å vere åleine i verda. Det er likevel tilfeldigvis mobildekning der ute. Svært enkelt toalett eit stykke unna lavvoen.
Kurs:I tillegg til gardsdrift og overnatting er Gripen ein stad for kurs, events og opplevingar. Me held relativt speielle kurs, slik at folk av og til vil kome langveis for å delta. Det kan vere ulike kurs i ulikt tradisjonelt handverk, sjølvberging, korleis overleve i villmarka, utval av material i skogen, lafting, grindbyggjing, dyrestell, økologisk hagebruk, ølbryggjing, steinmuring, bunadssaum, brikkevev, kunsten å vere småbrukar, osv osv. Det er berre å følgje med på www.gripengard.no.
Gripakletten naturvernområde: Mesteparten av skogen i Gripen er freda. Skogen er gamal urskog, kystfuruskog og arktisk regnskog. Det er ei oppleving og gå mellom dei gamle kjempane i skogen. Det er ikkje lov å slå leir i den freda delen av skogen, eller fjerne mose eller greiner, men de kan plukke sopp og bær. På hausen har me guida soppturar.
Ny løe. Ny løe er under byggjing no i sommar. Det vert eit sort grindbygg med sju grinder i to etasjar, og vonleg er ho reist til i september, då dei to kyrne me har bestilt kjem. Dei er av rasa sida trønderfe og nordlandsfe. Eg vil bruke mjølka til å lage smør og brunost mellom anna. Det vert stort kurslokale i nyeløa, og festlokale samstundes. Det er muleg å vere med på bygginga sommaren 2020, om nokon er interessert.
Events og gardsbesøk. For mindre grupper (opp til 20 om me skal vere inne) er det mykje artig å gjere, og garden ligg midt i eit herleg turområde, med skog, fjell og fiskevatn.
I Gripavika har me bygd danseplatting og utedo. Gripavika ei fantastisk perle her i Gripen. Gripaelva, som er gyte-elv for aure, renn ut her over den store grassletta i vika. Det er bålplass for stort bål og grillplassar i tillegg. Her kan det haldast store festar som jonsokfest, og det er muleg å ha små konsertar der nede. Det er og muleg å campe i Gripavika.