Gloppen Hotell

Lammefilet på byggryn-risotto   Fotograf: VG

I våre historiske stover nyt du utelukkande heimelaga mat av lokale råvarer. Restauranten har vunne fleire prisar og er åpen kvar dag frå 13:00-22:00   Fotograf: Oskar Andersen

Bak hotellet har vi oppvarma jacuzzi heile året. Og hyggeleg uteservering.

Utsikt over den vakre Gloppefjorden, ein fjordarm av Nordfjord.   Fotograf: Eyolf Johnsen

Den historiske hotellfasaden frå 1869. Til høgre er hagen og teltet vårt- mykje brukt til bryllaup. Til venstre skimtar vi den nye fløyen frå 2011.

Nye nordiske rom frå 2011. Krona på verket er dei herlege 2 meter breie Jensensengene.   Fotograf: Oskar Andersen

Vi har vunne både Norges beste spisested langs veien (2010) og vore på vinnarlaget i Det Norske Måltid (2011).

Våre glade superkokkar med kjøkkensjef og bondelagskokk Bodil Fjellestad Eikrem i midten.   Fotograf: Dagrun Reiakvam

Vi serverar gjerne litt heimelaga kaffimat på rommet. Her ser de lefser og gombe på rom 305,   Fotograf: Oskar Andersen

Historiske rom 303 er mykje brukt til våre mange brudepar. Romantisk og utsikt til hagen og fjorden.   Fotograf: Oskar Andersen

Vi tørkar pinnekjøtt, ribbe og spekemat på vårt eige stabbur frå 1829. Og råvarene kjem frå lokale bønder.   Fotograf: Dagrun Reiakvam

Ein av våre mest populære stover; Peisestova   Fotograf: Oskar Andersen

Dei engelske lakselordane har kome i 150 år- og vi har framleis fullt opp med fiskarar heile sesongen igjennom. Gloppenelva er ein av landets beste - og vakraste!

Hyggeleg lag i Laksestova   Fotograf: Oskar Andersen

Ganefart Miljøfyrtårn Olavsrosa
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Marit Kleppe
Adresse Sørstrandsv. 16
6823 Sandane
Telefon 57865333
Lengdegrad 6.216471
Breddegrad 61.77537

Vi er eit historisk laksehotell frå 1869 - kjendt for vår satsing på lokal mat. Vi har vunne fleire prisar for dette med kjøkkensjef Bodil Fjellestad i spissen. Her er alt heimelaga frå vårt eige produksjonskjøken, med råvarer frå lokale bønder. Vi tilbyr også mange opplevingar inne og ute. Velkomen!

I 150 år har laksefiskarane besøkt Gloppen Hotell kvar einaste sesong- Gloppenelva er ein av landets beste. Vi satsar også stort på lokalmat og vår kjøkkensjef har ei 3 mils grense på så mykje som mulig.

Vi tilbyr mange aktivitetar både inne og ute- ikkje minst vakre fjellturar, med eller uten guide. Alltid med nydeleg heimelaga niste frå hotellet.

I 2011 kom ein ny fløy til med flotte kurs og konferansefasilitetar og 24 topp moderne rom. Vi kan no seie at vi har rom frå tre århundrer.

Vi har vunne fleire prisar for vår satsing på lokalmat. Bl.a; Reiselivsprisen 2012 - Med på vinnarlaget til Det Norske Måltid 2011 på Tv2 - Ganefart 2010- Norges beste spisested langs veien - Ganefart 2008 S&F - Norwegian Foodprints.

Velkomen inn til ei oppleving i historie og lokale smakar.

Guida off-piste topp-turar på ski

Team-bygging i gapahuk

Sentrumsvandring med historisk guiding

Kokke-kamp og kokkekurs arrangert av Bodil Fjellestad, kjøkkensjef.

Les mer