Torheim Gard

Markedshagen i solnedgang.   Fotograf: Nina Watkins

Her får saudene berre gras og kos!

Frodig markedshage i august.   Fotograf: Nina Watkins

Gardsbutikken på Torheim Gard er sjølvbetjent, utenom ved kjøp av gardens sider. Her finn ein alt frå eplesidereddik, eplemost, ferske grønsaker i sesong, surkål, spekemat og mykje anna godt. Alt økologisk, lokalt eller bærekraftig framstilt, frå oss, folk vi kjenner til og stoler på.

Debio Godkjent
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Strynevegen 3196
6798 Hjelledalen
Telefon 92355952
Lengdegrad 7.224467
Breddegrad 61.932675

På Torheim Gard, ytst i vakre Hjelledalen i Stryn – ved porten til Vestlandet frå aust – dyrkar vi meir enn berre grønsaker. Vi dyrkar smakar, mangfald og eit levande landbruk. Med reine råvarer, økologiske og regenerative prinsipp, skapar vi mat som gjer godt for både kropp og jord. Her finn du over 50 ulike grønsaker, urter og spiselige blomstrar, grasfora sau som beiter fritt, utegangergris, og ei rekkje handverksprodukt laga med lidenskap og respekt for råvarene. I vår sjølvbetente gardsbutikk får du alt frå spekemat og fermentert grønt til eplemost og sider frå eigne hagar. Frå 2026 inviterer vi til sidersmaking og utleige av lokale – eit møte mellom natur, smak og ekte gardslivsglede.

Torheim Gard er eit lite gardsbruk med eit stort hjarte. Her i Stryn driv vi eit mangfaldig og berekraftig landbruk med fokus på smak, kvalitet og omsorg for naturen. Garden vår er tufta på økologiske og regenerative prinsipp – vi ønskjer å etterlate jorda betre enn vi fann ho.

I den to mål store markedshagen vår dyrkar vi over 50 sortar grønsaker, urter og spiselige blomstrar – alle fulle av smak og næring. Vi leverer til restaurantar og kafear (HORECA), men mange av produkta våre finn du òg i den sjølvbetente gardsbutikken på tunet.

Dyrehaldet vårt speglar same verdigrunnlag. Sauen vår er grasfora og har utetilgang heile året, med somrane på setra. Grisane våre går ute heile sommaren og får leve gode, naturlege liv. Vi foredlar kjøtet sjølve og lagar alt frå spekemat inspirert av italiensk handverk, til spesialpølser og stykkningsdeler av høg kvalitet.

Vi tek også vare på overskotet frå hagen – gjennom fermentering lagar vi surkål og andre levande grønsaker, fulle av både smak og kulturarv. I tillegg pressar vi eple frå eigen hage og lokale hagar i Oppstryn til eplemost, sider og eplesidereddik.

Frå 2026 opnar vi dørene for sidersmaking og utleige av lokale, og gler oss til å dele garden med endå fleire. På Torheim Gard handlar alt om jordnær kvalitet – frå jord til bord, med kjærleik i kvart steg.

Les mer