Adresse | Dalevegen 22 6847 VASSENDEN |
Telefon | 47288004 |
Lengdegrad | 6.061834 |
Breddegrad | 61.482225 |
Vestavin produserer fruktvin av høg kvalitet av vestlandske råvarer. Rips, rabarbra, krekling, nyper, rognebær, hylleblome og eit vell av smakar, nyansar og heilt særeigne kvalitetar. Det er det Vestlandet har å by på, og det er det Vestavin skal vise fram i nye former - i glaset.
Først var ripsbuskene, multemyrene, blåbærplukkaren og solvarme solbær på tunga. Så dukka spørsmåla opp: Kva meir er mogleg her? Kva er eigentleg fruktvin, og kva kan det bli?
Nokre års eksperimentering på kjøkkenbenk og i potetkjellaren viste det store potensialet i alle dei særeigne, vestlandske råvarene. I 2019 starta Camilla Aasen Vestavin AS.
I 2021 er Vestavin framleis ei oppstartsbedrift. Camilla jobbar med utforsking og eksperimentering utan overdriven respekt for kva reglar som måtte gjelde andre stader. Det vesentlege er framleis det same: Vestlandske råvarer har nokre heilt unike kvalitetar ved seg, og dei er det vel verdt å løfte fram for å femne litt av Vestlandet i eit glas.