NordaHidle

Ureist mat.

Jul med juleverkstad og julemat.

Shropshiresau arbeider mellom juletrea og blir god mat.

Velkomstdrikka laga på garden.

Vegetarmat er god mat.

Pizza ved bakarovnen i kjellaren.

Sesongbasert kjøkken.

Velkommen til førjulskos.

Overnatting i våningshuset.

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Terjer Hidle
Adresse Austsida 32
4173 Nord-Hidle
Telefon 99156102
Lengdegrad 5.888801
Breddegrad 59.2407

Hjå oss får du ureist mat og opplevingar av mange slag; alt frå hyggelege vennelag, høytidelege selskap via kurs og konferanse til juleverkstader for dei kreative. Likar du å vita kvar du er? Me kan orientera deg om samtida og brenn for lokalhistoria. Ta kontakt for et uforpliktende tilbud. Du er hjertelig velkommen!

Lokalhistorie og aktiviterar
Nord-Hidle er ei lita øy, men ligg midt i verda. Terjer kan gi deg ei kort guiding eller ta deg med på ei lengre kulturhistorisk vandring. “Tidsreisa” er for dei som vil ha meir konkret utrykk for 11.000 års busetnad i Ryfylke. Vil de leika litt, kan me tilby Sanse-quize. Likar de planlegging og sjølvgjordt kan de merka eigne juletre frå juli av, som blir levert heime i adventstida.

Opningstider
I prinsippet held me oppe alle dagar i året, heile døgnet. Men, du må bestilla for gruppa di på førehand: så finn me det rette tidspunktet og det rette innhaldet for deg og dine!

Kurs og Konferanse
Me tek imot grupper mellom 6 og 60. Enkle møte, eller heldags arangemet, med mange element. Alt av AV utstyr og fiber er tilgjengeleg. Ta kontakt , så kan me diskutera korleis me kan stetta dine behov.

Les mer