Kontaktperson | Jorid Vale |
Adresse | Sætrevegen 44, 3810 Gvarv |
Telefon | 93209355 |
Lengdegrad | 9.163669 |
Breddegrad | 59.41141 |
Lærar Jon Evju testamenterte i 1975 garden sin til eit levande bygdetun og kultursenter, med ønske om å ta vare på og vidareutvikle gardskulturen gjennom aktivt bruk. Stiftelsen Evju Bygdetun driv garden med jord og skog i Midt-Telemark kommune og forvaltar 20 historiske bygningar frå 1700 - 1900-talet med museale samlingar. Evju Bygdetun er sommarope kvar dag kl.12 - 17 i juli med omvisning, utstillingar og Eldhuskafe. Familievennleg gard med leikeplass, høner og kaninar i tunet, hestar og sauer på beite. Evju Bygdetun arrangerar utstillingar, kurs, konsertar, foredrag, aktivitetsdagar og matdagar. Etter årstidene har skuleklasser faste undervisningsdagar på Bygdetunet med ulike aktivitetar i samband med gardsdrift og kulturarv innan Den kulturelle skolesekken. Fleire interessegrupper brukar ulike lokale på garden til faste aktivitetar kvar veke gjennom året. Vi tek imot grupper til omvisning og servering heile året og leiger ut lokala til møter og feiringar. Mange feirar bryllap på garden med stor festsal (100 stk) i Nye Sjodar, skjenk, gaver eller bryllaupskake i Fjoset og dans på Låven.
Evju Bygdetun ligg i Sætersbø i Sauherad kommune og er ein historisk gard med verna kulturlandskap under Lifjell mot elva som renn ut i Norsjø. Garden blei truleg rydda i romartid eller folkevandringstid ut frå fornminnet på Evju Bygdetun; eit berg med slipegroper for pilspissar og våpen frå om lag 3-400 år f.Kr. Dei første skriftlege kjelder om garden Evju/Sætre er knytt til Glørsætta frå Island i 1294. Tradisjonen fortel at husa på garden har brent tre gonger, sist i 1730. Våningshuset blei etter brannen bygd på den gamle muren, med ein uvanleg djup kjellar som skal ha blitt bruka til arrest. Stabburet er frå 1700-talet men restaurert med rike utskjeringar tidleg på 1900-talet av Jon Evju d.e med søner. Gardsverkstaden fortel om ein kunstnerisk og kreativ familie med stor skaparglede slik vi ser i hus og inventar. Mor Bergit og dotter Helga, var dyktige tekstilkunstnarar slik vi ser utstilt i folkedrakter, vevnad og sprangarbeid.
Utanfor det autentiske gardstunet, har det blitt tilflytta fleire kulturhistoriske bygningar etter at Evju blei bygdetun: Vengeburet frå Stenningen er det siste bevara i bygda, bruka til tørking av lin og korn. Beltevevarstugo fortel historia om folkekunstnaren Hælge Storskot som utvikla Beltestakken. Møllargutstugo fortel historia om spelemannen Møllarguten som voks opp i denne stugo ute på Nesodden. Kittelsenstugo er flytta hit frå Indleggen der far til eventyrteiknaren Th Kittelsen voks opp. Holtanstugo med rosemåling av Ola Hansson er flytta frå garden til Kaptein Hans Ibsen, ein av forfedrene til diktaren Henrik Ibsen. Ungdomshuset Sjodar blei bygd på Sunds ved Nordagutu i 1922 av Sauherad mållag der lærar Jon Evju var ein av initiativtakarane. Nes nasjonale Dansarring bruka huset i mange år men på 2000 talet blei danseøvingane i Fjoset på Evju Bygdetun pga. oppvarming og toalettforhold. I 2022 blei det 100 år gamle huset på 120m2 flytta heilt på hjul langs vegen til Evju Bygdetun av Lofthus LiftJig AS og jekka inn på ny Arkivkjellar og brannsikre magasin. Nye Sjodar-Evju Bygdetun har tilpassa akustikk og dansegolv med svikt slik som på Riksscenen i Oslo med støtte frå KulturRom og blir mykje bruka av mange frivillige lag og utleigd til arrangement. Nye Sjodar regionale scene for folkemusikk og dans, arrangerar konsertar med lokale og nasjonale utøvarar av høg kvalitet kvar månad.
Det er gjort mange arkeologiske funn i området som vitnar om områdets lange historie. Mellom anna ligge det eit stort gravhaugfelt på Leikvangmogane. Her gjekk også den gamle Jønnvegen på 1600-talet frå Feensgruvene over Norsjø, opp elva til Tangen under Evju og vidare mot Hørteverket. Med ny Arkivkjellar og brannsikkert magasin under Nye Sjodar har Evju Bygdetun blitt eit regionalt mottakssenter for metallsøkar funn i Telemark, på "Vikingvegen" mellom Borre haugane i Vestfold og Hardangervidda øverst i Telemark. Detektormiljøet Telemark Historie Jegarar er tilknytta Bygdetunet og munnharpesmeden Simen Roheim Iversen får bruke gardsmia til kunsthandverket sitt.
Heile garden med historiske samlingar blei i 1975 testamentert til eit «levande bygdetun og kultursenter» av siste eigar, lærer Jon Evju d.y. Han tok godt vare på familietradisjonane og samla også historiske gjenstandar og kulturhistorie frå Telemark. Stiftelsen driv jord, skog og forvaltar 20 gardshus med aktivitetar knytt til formidling av kulturarv mot barn og unge, lokalbefolkning og turistar. Vi gjev huslyd til fleire frivillige interessegrupper med ulike aktivitetar gjennom heile året, som Broderikafe, Ungdans, Nes nasjonale dansarring, Sauherad Historielag, Nes og Saude Bygdetunlag, Evjuspelet, Telemark historie jegarar og Nye Sjodar folkemusikkscene. Vi driv Evju Bygdetun med respekt for fortida som kan gje oss større kunnskap om nåtida og ei bærekraftig framtid.
Evju Bygdeturn er eit unikt utgangspunkt for å formidle lokal og regional kulturarv i Telemark. Det er allereie opparbeida turstiar frå Gvarv langs elva "Grøne Gangar" gjennom kulturlandskapet på Evju med Gapahuk i Eventyrskogen, over Leikvangmogane og opp til Hørte, med gangbru over elva til turstiar i Bø kommune. Evju Bygdetun har beitedyr i dette landskapet og fleire nabogardar med kyr, sauer og hestar. Ei av sykkelrutene i Telemark går også gjennom garden. Kulturlandskapet blir bruka gjennom heile året og er lett tilgjengeleg for folk i alle aldrer. Vi har undervisningsdagar for skoleklasser i gards og kulturhistorie innan Den kulturelle skolesekken i Midt-Telemark kommune og tilbyr kurs i «Kreativ matlaging» for bedrifter og grupper. Vi haustar frå garden etter årstidene urter, grønsaker, bær og frukt og har som mål at eitkvart måltid vi tilbyr folk skal ha minst eit «ureist» gardsprodukt og elles gode råvarer frå Fruktbygda og Evju Mathage som blir drive av frivillige som regenerativt og økologisk jordbruk. Tunet blir leigd ut til kurs med servering, grupper til omvisning med servering og bryllaup og feiringar. Dei siste åra er det registrert over 12.000 besøkande.