Sunnmørsmat

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Haramsvegen 430
6290 HARAMSØY
Telefon 970 72 892
Lengdegrad 6.215015
Breddegrad 62.651974

Ekte og god mat frå gardane på Sunnmøre! Omfattande arbeid og ein lidenskap for lokal mat med høg kvalitet har resultert i både Sunnmørsegg og Grasfôra kjøt.

Sunnmørsmat AS sel og marknadsfører både Sunnmørsegg og Grasfôra kjøt frå gardar som selskapet samarbeider med.

Grasfôra kjøt er storfekjøt frå uksar som er framfôra på ein heilt spesiell måte. Dette inneber at uksane i all hovedsak har ferskt gras og rundballar på menyen. Dei får også litt kraftfôr, men dette er eit spesial-utvikla fôr der det mellom anna vert nytta raps i staden for soya som er vanleg. Uksane gjeng ute på beite heile sommaren.

Mellom fjord og fjell langs Sunnmørskysten ligg dei tre gardane Sørengarden på Haramsøy, Nilsgarden på Skår og Klokkargarden på Hareid. Sunnmørsegg er resultatet av dei tre gardane sin felles lidenskap for ferske og kortreiste matvarer.

Produsert lokalt, og med eit naturleg og eigenutvikla spesialfôr, gir vi hønene våre den beste næringa dei kan få, noko som resulterer i den reine og gode smaksopplevinga som Sunnmørsegg har blitt så kjent for.

Selskapet er leverandør både til daglegvarehandelen og til restaurantmarkedet. Det er òg mogleg å kjøpe varer frå gardsutsalet på Sørengarden der selskapet har sitt kontor.

Les mer