Kontaktperson | Olav S. Nordbø |
Adresse | Fosserudvegen 39 3690 Hjartdal |
Telefon | 48149581 / 91893148 |
Lengdegrad | 8.635402 |
Breddegrad | 59.608587 |
Velkomen til Nordbø gard og stule i Hjartdal kommune. Her finn du kånn midt i eit særmerka og godt bevara kulturlandskap. Garden ligg oppi bakkane med fin utsikt over bygda. Setra ligg åtte kilometer lenger opp mot fjellet. Avstanden til høgfjellet er kort med gode moglegheiter for fiske, jakt og topptura. Nordbø er ein husdyrgard med mjølkeproduksjon. Her kan du få servering av heimelaga tradisjonsmat midt i eit særleg verdifult kulturlandskap.
I 2000 tok me opp att aktiviteten på stulen. Sidan då har det vore full drift. Kvart år ved jonsoktid er det bufarshelg, då dreg folk og fe frå garden opp til stulen. Det er ein fin tur i flott skogsterreng.
Frå juni til august ynskjer me store og små velkomen til Bjordal seter. Her kan du få demonstrasjon av ysting og kinning, oppleve produksjon av mat på gamlemåten. Og ikkje minst få smake både smør, rjome, knaost, fjellost og prim. Rjomegraut og vaffel kan du få kjøpt. Du vil få ei matoppleving av setermat i eit tradisjonelt miljø.
Me frå Nordbø gard og stule ynskjer alle velkomen til gards!
SERVERING:
Frå vår/sommar tilbyr vi servering av rjomegraut, kaffi og bakst på Bjordal stule og Nordbø gard. Frå Gildestogo på Nordbø og setervollen på Bjordal kan vi servere inntil 30 personar. Ta kontakt ved bestilling.
PRODUKTA VÅR
Gammalost
Knaost
Prim
Smør
Rjome
Flatbrød
UTSALSTADER
Atrå Spar
MENY Seljord
Nordbø gard
SPAR Saulandstunet
SPAR Heddalsvegen
VEGFORKLARING
Nordbø gard ligg sentralt i Hjartdalsbygda - E134 ca 1,2 km frå Hjartdal kyrkje. Det er ca.150 km til Oslo, 40 km til Notodden, 20 km til Seljord og 50 km til Bø sommarland.