Fruktgard med kafe på Tynnaknuten

Vi har hane og høner.   Fotograf: Kristin Støylen

  Fotograf: Kristin Støylen

Kafe bord   Fotograf: Hildegunn Knardal

Bakeren   Fotograf: Hildegunn Knardal

Lysthus.   Fotograf: Hildegunn Knardal

Grov bakst.   Fotograf: Hildegunn Knardal

Debio Godkjent Gull, Debio servering Norsk Gardsost Vegskilt Gardsmat/Bygdeturisme (HANEN)
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Hildegunn Knardal
Adresse Rovdestranda 51
6141 Rovde
Telefon 97633695
Mobiltelefon 976 33 695
Mobiltelefon 951 70 795
Lengdegrad 5.673693
Breddegrad 62.174535

Økologisk fruktgard med epler, plommer og solbær dyrking. Salg av kyramjølk og geitemjølk produkt. Kafe kvar fredag mellom kl.12.00 og 16.00. Vi serverer fersk gjærbakst og kaker og naturlegvis nykokt kaffe m.m Vi held til på ein liten gard med dyr som kyr, geit og høner. Gardsbutikken er open dagleg med sjølvbetjening, ofte er vi i nærleiken, stikk innom! Vi held til på Tynnaknuten gard, Syvdsnes på Rovde, i eit gamalt gardshus frå 1903. Garden ligg fredfullt til, i vakker natur på Syvdsneset der tre fjordar møtast. Vi nyttar berre økologiske råvarer frå garden og nærområdet. Hit kan du kome for å slappe av ved den fagre Rovdefjorden, nyte den fredfulle atmosfære og slå av ein prat med bygdefolk. I hardt vær fyrer vi inne og fasinerast av kreftene her ute mot Stadt.

Kafe Tynnaknuten er driven av dagavdelinga Inn på tunet i Vanylven kommune.

Vi serverer i hovedsak økologisk mat fredager, gjærbakst både grov og fin bakst serverast rykende fersk! Vi koker kaffe på kjele som får den ekstra gode smaken og serverer som oftast kaker på fredager.

Gardsbutikken er open alle dagar og ligg ved kafeen, alle produkt er økologiske og produsert på garden.

I gardsbutikken finn du ferske egg, eplejus, solbærsaft, det vi produserer på garden til ei kvar årstid. I sesong frå august til november har vi plommer, epler, solbær,rips. Mjølkeprodukt av geit og ku, rå surmjølk , ost og yoghurt. Spør oss!

På Syvdsneset finn du dei beste fiskeplassane og gode forhold for fridykking på lange sandbankar, rett utanfor garden.

Om sommaren slår vi graset og hesjar. Det er fredfullt på tunet - berre hanen som galer, geiter som humrer og lyden av menneska der. Du kan vandre på gamle grusvegen, gå på turstiar i fjell og fjøre eller leige hytte på høgfjellet, eit godt utgangspunkt for fjellvandring.

Les mer