Kontaktperson | Lise Vistnes |
Adresse | Kyrkjevegen 181 4137 Årdal i Ryfylke |
Telefon | 92617279 og 41454899 |
Lengdegrad | 6.210334 |
Breddegrad | 59.155623 |
Velkommen til Sie Gard, her produserer me tradisjonell og naturleg mat frå Ryfylke. Me foredler lam frå heiå og bær frå bakkane i Årdal i vårt eige produksjonsbygg med utsal.
Sie gard ligg i Årdal i Ryfylke. Me foredler lam, bær og frukt på tradisjonelt vis. Bær og frukt spelar hovudrolla i syltetøyet vårt. Det er difor ikkje krydra og vi bruker lite sukker. Spekematen vår er røkt og tørka skikkeleg. Lamma har vore på utmarksbeite i Ryfylke. Dei beitar på gras, urter, i skog, på myr og på lynghei. Me jobber for at dyra våre skal ha det godt heile året.