Kari-garden

  Fotograf: Kari-Garden

  Fotograf: Kari - Garden

  Fotograf: Kari-Garden

  Fotograf: Kari-garden

  Fotograf: Kari-Garden

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Strondavegen 175
5590 Etne
Telefon 45617484
Lengdegrad 5.932823
Breddegrad 59.674976

​Kari-garden – Kjøt med omsorg og kvalitet Kari-garden ligg i Etne, der vi driv med fokus på kvalitetskjøt frå dyr fora på gras og noko norsk fôrkorn når det er mogleg. Dyra våre går ute på beite frå april til oktober, eller så lenge vêret tillet det. Vi driv garden på tradisjonelt vis, i pakt med naturen, med prinsippa: Bærekraftig, Norsk, Lokalt og Kortreist.

På sikt ønskjer vi å utvikle garden vidare etter regenerative prinsipp. Vi nyttar minimalt med sprøytemiddel og fjernar ugras for hand i beitelandskapet.

Rasane våre – Dexter, Raudkoller og Fjordfé – er gode beitedyr som passar godt i det bratte vestlandslandskapet. Vi vel å fore fram dyra til dei er rundt 25 månader, for å få betre feittinnhald og finare marmorering i kjøtet.

Om slaktinga
Når det er tid for slakt, fraktar vi sjølv dyra til eit godkjent slakteri i Folkedal, innerst i fjorden. Vi brukar god tid på dyra – "tek alt med tål" – og stoppar fleire gonger på vegen for å snakke med dei og sjå til at dei har det godt. Vi meiner dette gjer dyra rolegare, noko som bidreg til betre kjøtkvalitet.
Mørning, pakking og kvalitet

Etter slakt får kjøtet mørna i 14 dagar før oppstykking, pakking og merking. Denne prosessen lyfter fram smaken og gir ei naturleg nedgang i vekt. Vidare får kjøtet mørna om lag ei veke til før innfrysing, noko som set eit tydeleg preg på kvaliteten. Kjøtet er kun vakuumpakka – utan tilsetjingsstoff – og kan då verte litt mørkare i fargen, noko som er heilt naturleg.

Vegen vidare
Framover ønskjer vi å satsa endå meir på kjøtproduksjon og søkjer stadig meir kunnskap for å betra kvaliteten ytterlegare – med god og sakte tilvekst på naturleg vis.

Målet vårt er:
Mørning i ca. 21 dagar i eigne lokale, Stykking og pakking på eigen gard. På sikt også slakting heime, for å unngå unødig transport og stress for dyra. Etablere eit skap for tørrmodning for å utvikle endå betre kvalitet

Les mer