Trægården

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Lasse Eide
Adresse Sandsbygda 32
4230 Sand
Telefon 46464601
Lengdegrad 6.277431
Breddegrad 59.486424

Trægården ligg frå Suldalslågen til Rossheinibba, 747 meter over havet. Her kan du leige selskapslokale, nyte mat frå garden og overnatte i koselege hytter i nærleiken.

Selskapslokale

I den nyrestaurerte løa er det opna festlokale, perfekt for gardsbryllaup, jubileum og firmafestar i lune omgjevnader med mykje historie. Lokala tek ein så langt som 100 år tilbake i tid, med reiskap og bilete som er hengt opp i baren. Løa tek opp til 80 personar til matservering, og ein får smake kjøt og råvarer produsert på garden. Me har også eit uteområde med plass til 50 personar med bord og benker like utanføre på tunet. Les meir


Hytteutleige

Tilhøyrande garden har me også to hytter som går under namna Kløv og Fjellro. Kløv er ei villmarkshytte med 15 soveplassar fordelt på seks soverom og to bad, medan Fjellro har 10 soveplassar og eit bad. Begge hyttene er ein fem til sju minuttars køyretur frå Sand sentrum og ligg tett på eit rikt turnettverk. Les meir

Trægården på tur / Catering

Trægården tilbyr også catering til både små og store anledningar. Me still gjerne med grill og gode råvarer til ditt arrangement. Enten det er bryllaup, sommartreff, teambuilding eller kundetreff. Me kan levera komplett catering etter ditt ynskje med utgangspunkt i vår eiga ureiste mat. Les meir

Dyra

Alle dyra våre går ute og lev i naturskjønne omgjevnader tett på naturen. Dyra søkar kontakt for både kos og kraftfor. Me har dei nært til oss, og er innom dei fleire gonger til dagen. Gjennom sommaren bytter me beite og på vinteren forer me ekstra med høyballar som me har produsert gjennom sommaren. Val av dyr har vore viktig for oss, ikkje berre det at dei klarar lamming og kalving sjølve, men også smak og tilbereiing betyr meir enn slaktevekt for oss. Ein grunntanke er at både menneske og dyr skal lev godt her. Les meir

Velkommen!
Helsing Lasse

Les mer