Fuglestein Fruktgard

(Far) Arnfinn og (Mor) Gullborg

Jon Anders og (Kona) Generosa

Garden

Blomstringa

Rubinstep

Garden

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Økstrafjordvegen 1174
4234 Jelsa
Telefon 41350255
Lengdegrad 6.112684
Breddegrad 59.325278

På Fuglestein Fruktgard har me sidan 2016 planta ein eplehage med 17000 trær. I 2021 begynte me med pressing av epler, og tilbyr diverse epleprodukter og aktivitetar for besøkende/turister.

På garden har me eit lite gardsutsalg der vi selger våre produkter. Eplemost leverer me til hoteller, restauranter og kafeer, og catering firma som driver med forskjellige arrangement, som for eksempel konfirmasjon og bryllup.

Me selger epleproduktene våre på fleire marknader i forskjellige byer og bygder og me leverer også førsteklasse epler (Aroma, Gravenstein, Rubinstep) til Ryfylkefrukt SA.

Fra 2022 tar me imot mindre grupper til omvisning og varesmaking. På garden har me også hytter/feriehus som vi leiger ut til turister.

Me har gode vekstforhold for frukt i Ryfylke. Trea trivst godt nær sjøen i lune fjordarmar. Varme dagar og kjølege netter gir god farge, sødme og ein heilt spesielt god smak på frukta me dyrkar på Fuglestein Fruktgard. Garden har lange tradisjonar for fruktdyrking, og dagens produksjon er innretta etter moderne og bærekraftige metoder. Med tanke på framtida og miljøet.

Les mer