Skakke Røykeri

  Fotograf: Økland foto

  Fotograf: Økland foto

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Roy Martin Øyjord
Adresse Åsavegen 29
5590 Etne
Telefon 90932295
Lengdegrad 5.894384
Breddegrad 59.638589

Skakke Røykeri har drive med foredling av laks, aure, vilt og andre kjøttprodukt sidan 2009. Me er kjente for lokalt produserte håndverksprodukta og foredling etter urgamle norske metodar. Dei siste åra har me òg hatt ei rekke catering og kokkeoppdrag til spesielle høve, der kvalitets måltider, matshow og måltidsopplevingar har vore stjerner i arrangementa. Me er brennande opptatt av å fremja norsk matkultur. Foredling av råvarer slik vikingar hadde kunnskap om er vår kjerneverdi. Naturlege råvarer av beste kvalitet, norske stoltheiter og ansvarleg produksjon gjer at me forankrar samspel mellom lokal historie om Erling Skakke og norsk matkultur i alle våre produkt.

Skakkelaks og Skakkeaure – er våre mest kjente merler. Begge fiskene er handmassert med Erling Skakke konjakk og røykt på fersk einer.

Produkta er oppkalla etter Erling Skakke Ormsson, norsk riksstyrar og formyndar for sonen Magnus, som åtte år gammal vart krona til Noregs konge i 1164 og regjerte frå Stødle i Etne. Erling Skakke var ein tøff viking som blei mest kjent for sine korsferder til Det heilage land. Under ein kamp med mauarane i Spania fekk han det hogget i halsen som gjorde at han seinare bar hovudet litt på skeive og blei kalla Erling «Skakke». Skakkelaksen og Skakkeauren har fått mykje ros. i 2020 har me begynt å laga Varmrøykt Skakkeaure etter vår egen oppskrift, der me ristar og kvernar pepar sjølv, tørker og røyker fisker veldig skånsomt og nøye. Resultatet er saftig og smakfull aure som er blitt en storfavoritt hos mange kunder.

Opplevinga av å eta Skakke produkt skal vera heilt konge!

Du skal veta at me har brukt kun dei beste råvarene og gjennomført foredlinga slik at me tar godt vare på råstoffet – slik som vikingar gjorde. Alle våre oppskrifter har gamle tradisjonar men er tilpassa vår moderne kvardag.

Skakke viltprodukt av hjort og elg er handtverk av høgaste kvalitet.

Alle produkta er laga av kun naturlege råvarer. Viltkjøtt inneheld mykje jern og mineral i tillegg til betydeleg meir omega 3 enn i anna kjøtt. Det er utebeitande dyr og kjøttet reknast som økologisk. Råstoffet kjem frå dyra som me skyt sjølv eller frå jegerlag som me er medlem i. Dyra parterer me sjølv og sel også stykningsdeler av det.

Andre produkta som Bålbacon, spekemat o.l. er også laga etter tradisjonelle metodar som er tilpassa moderne produksjon.

Me driv en sjølvbetjent lokal- og håndlaget mat butikk, ca 900 meter fra E134, på Søstranda i Etne. (Søk på "Skakkelaks" på Google maps, så kjem du rett fram til oss).

Butikken er åpen 8-22 alle dagar og du betaler enkelt med vipps. Her finn du produkta som me og våre venner har laga - alt av skikkelige råvarer, med kjærleik til norsk matkultur og håndverks kunst i bunn.

Kort fortalt kan me tilbyr:

  • Lokalt produserte håndverksprodukter levert via vår nettbutikk
  • Foredling etter urgamle norske metodar
  • Sjølvbetjent butikk med lokalt produserte kvalitets produkta
  • Kvalitets måltider, matshow og måltidsopplevinga
  • Kurs, foredrag, smaksverksted med norsk mat og drikke
  • Alle typer arrangement til private og bedrifter

Nyt livet, maten og dei du har rundt deg!

Les mer