Hardangergutane

Hardangergutane, fra venstre Kristian, Inger og Karl Magnus   Fotograf: Øystein Haara

Hardangergutane tilbyr eit bredt utvalg av sider og eplemost. Nokre av sortene kan variere fra sesong til sesong, men basis sortene våre når det gjelder sider er Vindpust Eplesider, Solglimt Eplesider og Fjellskrent Eplesider.   Fotograf: Playdesign

Vision og The Fjords til kai utanfor produksjonslokalet til Hardangergutane på Børve i Sørfjorden - Sidercruiset i Sørfjorden har i sesongen faste daglege avganger med stopp hos oss.   Fotograf: Hardangergutane

Inger i sving med eplehausting til produksjon av sider og eplemost   Fotograf: Øystein Haara

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Ullensvangvegen 1525
5773 Hovland
Telefon 41294010
Lengdegrad 6.618974
Breddegrad 60.277567

Hardangergutane er idag etablert i eit gamalt fruktlager på Børve på austsida av Sørfjorden. Brørne Kristian og Karl Magnus produserar her saman med Inger Gunvaldsen eplemost og sider frå kvalitetseple som er mogna på Hardangervis. På Børve tar Hardangergutane imot både små og større grupper for smaking og omvisning i produksjonslokale.

Me kan stolte seia at heile produksjonen, med råvarer frå dei lokale gardane til ferdig produkt, skjer i Hardanger

Familiegarden til Hardangergutane ligg på austsida av Sørfjorden på Sekse midt i eit av landets største og eldste fruktdistrikt. Her på garden har me vidareført ein gamal tradisjon med å laga eplemost og sider frå kvalitetseple som er mogna på Hardangervis.

Brørne Kristian og Karl Magnus er begge oppvaksne på garden og har fokus på tradisjon, handverk og historie. Fleire eple og fruktsortar vert nytta i produksjonen. Noko av epla kjem frå vår eigen produksjon, resterande kjem frå kunnskapsrike og dyktige fruktdyrkarar i området.

Alle epla har sin særeigne smak –­ frå det søte, til det meir syrlege og friske. Dette er eit resultat av klimaet og det grøderike jordsmonnet i området.

Hardangergutane AS som selskap, vart etablert i 2015. Lenge før dette starta me å laga eplemost frå eigne råvarer, til familie, venner og bekjente. Tilbakemeldingane var så gode at me etter kvart bestemte oss for å satsa på produksjon for salg.

Det heile starta på låven i den gamle driftsbygningen på garden. Med enkelt produksjonsutstyr og stor entusiasme starta me opp.

Det har vore mange lange dagar, seine kveldar og netter i produksjonssesongen. Familie med foreldre og sysken i spissen har gitt oss uvurderleg hjelp. Både i produksjonen og til frakt av varer. Før vår andre sesong starta, pussa me opp eit nytt lokale i driftsbygningen som var betre eigna for produksjon. Her heldt me til i to år. Då vaks me ut av dette og har no etablert oss i større og meir tidsriktige lokaler i det gamle frutklageret på Børve, som er tilpassa vår produksjon.

Me er stolte av å koma frå Hardanger. Dei verdiane som ligg i historia til Hardanger og dei som bur der, det er noko me verdsett og som me ynskjer å marknadsføre. Me er ekte og ærlige menneske som jobber hardt for å produsere velsmakende eplemost og sider frå Hardanger, og med vårt nære forhold til kundar og samarbeidpartnere har me saman med dei utvikla produkter.

Hardangergutane har ein visjon om å laga Noregs nasjonaldrikk og for å oppnå dette må me ha veldig gode og ekte produkt som skal vera både smakfulle og innbydande. Det vil krevja modige valg og eit ynskje om stadig utvikling forbetring. I sterk konkurranse med andre tilbydere av eplemost, sider og andre frukt drikkar må me vere nytenkjande for å nå visjonen vår. Nye vegar og tankar må utforskast. Me er små og vegen til endring og forbetringar er kort.

Hardangergutane sine produkt er ekte og me legg vekt på at både smak og det visuelle er ivareteke, og utvidar no sortiment med fleire sorter frukt og bær.

Vel unnt og nyt!

Les mer