Adresse | Kilstivegen 344 6215 Eidsdal |
Telefon | 95023965 |
Lengdegrad | 7.154371 |
Breddegrad | 62.261015 |
Velkommen til Ytste-Kilsti, dette er ein fjellgard som ligg på enden av vegen, 11 km frå Eidsdal sentrum. Garden ligg 430 moh og har ei nydelig utsikt over Norddalsfjorden, Linge og Valldal. Garden har ei grillhytte med muligheit for lunsj til små grupper, ei utleige hytte, seterhus og aktivitetar knytta til dyra på garden. Her er også glimrande utgangspunkt for korte og lange fjellturar, blant anna til Skrenakken, Ospahjellen og Verpesdalen.
Her er 2 gardar som heiter Kilsti, og derfor blir dette den ytste. Kilsti betyr frå gammalt av kjesti, kje er det samme som geitekilling. Dette ser ein så avgjort på terrenget rundt garden. Og her har det vore drevet med geiter i lang tid. Garden er ein familiegard. Vi ligg i brattlendt terreng, og dyra kan gå heilt ned til fjorden og høgt til fjells. Hovudinntekta frå garden er mjølkeproduksjon, denne henter Tine til sitt meieri i Ørsta som produserar fantastiske ostar av geitmjølka. Noko av mjølka går også til iskremproduksjon, Storfjord Iskrem. Vi produserer kjøt frå eigen buskap, som er mulig å få kjøpt på garden. Dyra du kan få treffe her er geiter, vestnorsk fjordfe, gris og høner.