Indre Bjotveit Gard

blømingstid   Fotograf: Manuela Bjotveit

gjestehus   Fotograf: Michael Reyer

Frukost i gamlastova   Fotograf: Manuela Bjotveit

Frukost   Fotograf: Manuela Bjotveit

gamlastova   Fotograf: Manuela Bjotveit

utsikt   Fotograf: Manuela Bjotveit

soverom   Fotograf: Manuela Bjotveit

soverom   Fotograf: Manuela Bjotveit

stova   Fotograf: Manuela Bjotveit

stova   Fotograf: Manuela Bjotveit

utsikt   Fotograf: Laura Soler Cardenas

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Bjotveit indre
5780 Kinsarvik
Telefon 53661830
Lengdegrad 6.806067
Breddegrad 60.449997

Velkommen til Indre Bjotveit Gard – ein liten fruktgard midt i finaste Hardanger. Ta ein pust i kvardagen og unn deg nokre netter i vårt sjarmerande gjestehus – eit husvære med sjel og historisk særpreg.

Vårt gjestehus er eit hus med sjel og sitt heilt eige historiske særpreg. Huset vart utbygd av Johannes Bjotveit som i lag med broren Gunnar G. Bjotveit eigde og dreiv kunstmøbelverkstad «Brødrene Bjotveit A/S». Gjestehuset vårt er møblert med møblar frå verkstaden, og me vil såleis skape eit levande museum og minne om kunstmøbelar frå Bjotveit.

På Indre Bjotveit Gard, omgjeven av frukttre og eit vakkert landskap kan du slappe av og kvila ut. Om morgonen blir du vekka av lukta av nysteikte rundstykke til frukost. Eit innhaldsrikt frukostbord med eigne og andre kortreiste produkt ventar på deg i gamlestova.

Me har fire koselege gjesterom. To rom deler eitt bad. Alle rom deler opphaldsrommet, bestastovo, med TV, og kjøken. Kjøkent er stengt for gjestene våre under frukosten, då me bruker dette til å førebu maten. Men elles kan du bruka kjøkenet til å lage lunsj eller middag.

Det er ein stor hage rundt huset som du kan bruke til å grille eller nyte utsikta.

Les mer