Adresse | Den røde plass 1 7893 Skorovatn |
Telefon | 41313511 |
Lengdegrad | 13.117842 |
Breddegrad | 64.643056 |
Skorovasmat og Skjenkestova er ei kulturverksemd i Øver-Namdalen. Vi arbeider med mat- og drikkekultur, og ønskjer å gje våre gjestar/kunder gode opplevingar. Vi held til i den nedlagte skolen i det tidlegare gruvesamfunnet Skorovas, og produserer kjøtvarer på garden Lyshaug.
Skorovasmat AS vart etablert i 2003, og har basis i garden Lyshaug i Røyrvik kommune. Her har vi produsert kjøtvarer frå sau/lam, storfe og gris, og foredla råvarer frå skog og fjell, m.a. elg, bjønn og rein. Vi produserer mat med grunnlag i lokale tradisjonar, men driv òg eksperimentering og fornying. Hovudprodukt er røyakjøt og pinnekjøt.
Skjenkestova i Skorovas kom til ved at Skorovasmat kjøpte ein etasje i den nedlagte skolen i Skorovas, og innreia kjøken og produskjonslokale i skolekjøkenet, og skjenkestove/serveringslokale i sløydsalen. Sløydsalen var forøvrig kombinert med kapell i si tid. No serverer vi m.a. 500 sortar øl og 140 sortar akevitt på Skjenkestova. Vi serverer mat på førehandsbestilling.
Skorovasmat og Skjenkestova kombinerer tradisjon og fornying, og samarbeider m.a. med Norsk Kulturarv. Vi er òg medeigar i NamNamdalen, og medlem i Visit Namdalen.