Vestavin og Vingarden på Jølst

Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter
Servering

Kontaktperson:

Camilla Aasen

Adresse:

Jølstravegen 2380, 6843 Skei i Jølster

Telefon:

Nettside:

Først var ripsbuskene, multemyrene, blåbærplukkaren og solvarme solbær på tunga. Så dukka spørsmåla opp: Kva meir er mogleg her? Kva er eigentleg fruktvin, og kva kan det bli?

Etter nokre års eksperimentering, starta Camilla Aasen i 2019 Vestavin AS. Med inspirasjon frå vestnorske fruktvins- og sidertradisjonar skapar Vestavin moderne fruktvinar og alkoholfrie drikkar som løftar fram dei unike kvalitetane og smakane som finst her på nye måtar.

Vestavin er no i ferd med å gjere eit nedlagt småbruk i solrike bakkar over Jølstravatnet om til Vingarden på Jølst. Her kan ein oppleve, sjå, smake og lære litt om kva som ligg bak dropane i glaset. Vingarden på Jølst er å finne på Jølster i Sunnfjord kommune på adresse Jølstravegen 2380, langs E39 på nordsida av Jølstravatnet.

Opningstider sommarsesong 2025

Juli og august:
Open vingard med utsal og lett servering kl 13-17
Omvising med vinsmaking kl 14

For booking og detaljar sjå www.vestavin.no

Gjennom året er gardsutsalet ope torsdagar kl 16-18, og det er alltid ope for gruppebestillingar. Det dukkar stadig opp eitt og anna arrangement, som konsert, pop-up restaurant, vinslepp eller juleopen vingard.


Produkt:

Produkt frå Vestavin og Vesle lerka (alkoholfritt) er tilgjengeleg for sal frå utsalet på Vingarden på Jølst, som grossist til aktørar med fast skjenkeløyve og gjennom Vinmonopolet. Sjå vestavin.no/produkt for ei oversikt over kvar ulike produkt er tilgjengelege.