Sve Gard

Aktiviteter og opplevelser
Gårdsbutikker

Kontaktperson:

Harald Sve Bjørndal

Adresse:

Vågåvegen 9, 2680 Vågå

Telefon:

Nettside:

Sve Gard i Vågå produserer årleg 2000 tonn mandelpoteter som i 15 år har vore svært populære på matbordet. Harald Sve Bjørndal har fått løyve til å produsere alkoholhaldig drikk med poteter som råstoff. Produksjonsutstyret som er unikt i Norge er i drift i eige bygg på garden. Etter 13 generasjonar på garden er det samla svært mange fine antikvitetar på Sve Gard som etter kvart blir å sjå på stabbura og andre hus på garden som Torbjørn Egner har teikna så fint. Ikkje mange gardar i landet har ein uopna gravhaug ved gardstunet sitt ! På Sve Gard kan du høyre om dagens moderne gardsdrift med GPS-styring, spennande gardshistorie med gamle bruksgjenstandar, oppleva eit topp moderne destilleri, og ikkje minst etter kvart få servering. Oppgradering av matsalen ligg på teiknebrettet, og Arne Brimi står bak matoppskrifta ! Vågå og Sve Gard er ein sjølvsagt stoppestad på reisa nord-sør, eller aust-vest ! Sve Gard har vore skyss-stasjon på 1800-talet og på nytt ønskjer Harald Sve Bjørndal med familie nye gjester velkomne til Sve Gard !

Mange legg i dag turen innom Sve Gard for å sikre seg dei gode mandelpotetene, og mange tykkjer det er interessant å sjå og høyre om det moderne destilleriet montert i den ombygde og renoverte destillerilåven. Neste år tek Harald Sve Bjørndal sikte på å kunne opne dørene med gardsmuseum, og lunsjservering kan avtalast på førehand.