Skarbø Gard

Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter

Kontaktperson:

Kristine Ruiz-Skarbø

Adresse:

Bygdavegen 335, 6200 Stranda

Telefon:

Nettside:

Sideren lagar vi av saftige, økologiske eple frå eigen frukthage og hagane til kjekke naboar. Den friske og perlande drikken har hausta lovord frå mange hald, og no har vi laga eit nytt sideri for å kunne dele dei edle dropane med enno fleire.

Med den gode, ferske mjølka frå kyrne våre ystar vi smakfulle, prisvinnande ostar. Mjølka er upasteurisert, og osten får dermed ein heilt unik aroma som speglar den frodige naturen som omsluttar oss.

Vi er stolte av å byggje vidare på arven frå tidlegare generasjonar, og la både frukt- og ostetradisjonar leve vidare inn i framtida.

Du kan besøke gardsbutikken med sider, ost, most og anna god, lokal mat måndag-laurdag kl 10-18. Er de ei gruppe som ynskjer omvising og smaking på garden, så er det berre å ta kontakt. Velkommen!