Knaken
Kontaktperson:
Christoffer Knagenhjelm
Adresse:
Havnebakken 1, 6854 Kaupanger
Telefon:
Nettside:
E-post:
Knaken ligg i den gamle sauefjøsen til Kaupanger Hovedgård. Gardsanlegget, saman med Kaupanger stavkyrkje, er freda og er definert som eit unikt kulturmiljø i Noreg. Garden har i over 300 år vore eigd av familien Knagenhjelm.
Området har særs spanande historie å by på, ikkje berre ligg ein av få attverande stavkyrkjer her, men historisk opplevde staden å vekse frå ein førhistorisk gardsbusetjing til å bli den einaste byen i Sogn og Fjordane i mellomalderen.
Garden har vore eigd av kongen og vore sete for ein av tidenes verste danske futar, sentrum for administrasjonen av Indre Sogn på 1700-talet og adeleg setegard.
Ta turen til Kaupanger og opplev dei arkeologiske spora etter jernaldergarden, mellomalderbyen og tusen år lang tradisjon i bruk av tømmer, båtbygging, og ikkje minst ei vakker stavkyrkje!
