Kontaktperson | Kristine Skarbø |
Adresse | Bygdavegen 335 6200 Stranda |
Telefon | 90781881 |
Lengdegrad | 6.965376 |
Breddegrad | 62.288667 |
På Skarbø får du herlege smaksopplevingar – ekte mathandverk laga med kjærleik av råvarer frå landskapet rundt deg. På garden lagar vi ost og sider, og du finn begge deler i den koselege gardsbutikken. Velkomen til oss!
Med den gode, ferske mjølka frå kyrne våre ystar vi smakfulle, prisløna ostar. Mjølka er upasteurisert, og osten får dermed ein heilt unik aroma som speglar den frodige naturen som omsluttar oss. Det vesle meieriet vart opna i 2017 – akkurat hundre år etter at «Bygdens meieri», som vart stifta på garden her på 1800-talet, la ned drifta. Vi er stolte av å ta opp att arven frå tidlegare generasjonar, og la den leve vidare inn i framtida.
Sideren lagar vi av saftige eple frå eigen frukthage og hagane til kjekke naboar. Den friske og perlande drikken har hausta lovord frå mange hald, og i 2019 opna vi eit nytt gardssideri for å kunne dele dei edle dropane med enno fleire.
I desse coronatider tek vi ein pause i vanleg handel over disk i gardsbutikken, men du kan legge inn ei bestilling i messenger på Facebook-sida vår (www.facebook.com/skarbogard), eller bestille på melding til 90781881, og avtale ei kontaktlaus henting. Elles finn du produkta våre på fleire salsstader i regionen (oppdatert liste på skarbogard.no/utsalssteder).