Hemsedal Flatbrødbakeri

Debio Godkjent
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse c/o Økogarden Hemsedal DA
3560 Hemsedal
Telefon 32 05 98 00, 95046340
Lengdegrad 8.554118
Breddegrad 60.864969

Hemsedal Flatbrødbakeri A/S held til i nordenden av fellesfjøset som ligg mellom sentrum og skisenteret. Der lagar me god tradisjonsbakst frå Hallingdal - som gofalefse, potetlefse og lompe, lefsekling, rummebrød, lappar og kvikaku (sesong). Me bakar også sjølvsagt flatbrød med og utan krydder som forøvrig er økologisk, og som også kan lagas med økologisk speltmjøl. På bestilling kan me laga fleire av produkta våre økologisk og/eller med spelt. Alle våre produkt blir laga utan kunstige tilsetningstoff.

Alt me lagar er steikt på jerntakke. Dette er ein av dei eldste måtane å lage mat på. Me brukar ingen ”lettvintløysingar” i produksjonen vår. Alle deigar og rører blir laga frå botnen av, frå fyrsteklasses råvarer. Me tilset heller ikkje konserveringsmiddel. Sjølve bakinga er handverk . Det trur me at du kjenner på smaken når du tek deg ein bit!

"Velkomen te ein handel det smaka tå......."

Gardsbutikken og kafeen som ligg vegg i vegg med bakeriet og fjøset såg dagens lys 1. april 2015. Her serverast dagens bakst te kaffien - eller du kan velgje ein nysteikt lapp rett frå takka med heimelaga syltetøy te - og stølsrumme i sesongen. Du kan òg bestille "Hallingdal`s nasjonalrett" til lunsj, som er småmat og lefsekling . Me har ikkje vanleg "fastfood" som hamburger, chips og brus, men kan friste med pølser frå lokalprodusent Tamt og Vilt attåt våre nydelege potetlomper eller "eplekaku" som det heiter her i dal`n, og heimelaga saft te drikke.

Les mer