Knaken

Til den som treng litt kvile...   Fotograf: Jacob Knagenhjelm

Kaupanger stavkyrkje   Fotograf: Jacob Knagenhjelm

Kva skjuler det seg i enden av elva?   Fotograf: Jacob Knagenhjelm

Kaffekos på Knaken   Fotograf: Jacob Knagenhjelm

Vegskilt Gardsmat/Bygdeturisme (HANEN)
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Christoffer Knagenhjelm
Adresse Havnebakken 1
6854 Kaupanger
Telefon 48 00 48 17
Christoffer Knagenhjelms mobil 48004817
Trude K. Knagenhjelms mobil 91556522
Lengdegrad 7.23535
Breddegrad 61.184538

Året rundt tilbyr vi flotte rammer for evenement og lukka arrangement. I samarbeid med Kaupanger Hovedgård er det mogleg å leige vår romslege ferieleilegheit i den særeigne låven til Kaupanger Hovedgård.

Knaken ligg i den gamle sauefjøsen til Kaupanger Hovedgård. Gardsanlegget, saman med Kaupanger stavkyrkje, er freda og er definert som eit unikt kulturmiljø i Noreg. Garden har i over 300 år vore eigd av familien Knagenhjelm.

Området har særs spanande historie å by på, ikkje berre ligg ein av få attverande stavkyrkjer her, men historisk opplevde staden å vekse frå ein førhistorisk gardsbusetjing til å bli den einaste byen i Sogn og Fjordane i mellomalderen.

Garden har vore eigd av kongen og vore sete for ein av tidenes verste danske futar, sentrum for administrasjonen av Indre Sogn på 1700-talet og adeleg setegard.

Ta turen til Kaupanger og opplev dei arkeologiske spora etter jernaldergarden, mellomalderbyen og tusen år lang tradisjon i bruk av tømmer, båtbygging, og ikkje minst ei vakker stavkyrkje!

Les mer