Kontaktperson | Ingebjørg Håvardsrud |
Adresse | Skirvedalsvegen 86 3650 Tinn Austbygd |
Telefon | 95059725 |
Mobiltelefon | 95059725 |
Lengdegrad | 8.83044 |
Breddegrad | 60.04729 |
Her er mange opplevingar for ungar og vaksne. Me tilbyr seterferie og servering. Kyrne våre går på fjellbeite og me foredlar all mjølka til nydeleg setersmør,ost,prim og rjome. Setervollen er intim med store og små dyr. Film frå seterlivet på 50-talet! Velkomen kvar dag frå St. Hans fram til 1. sept. kl. 10 - 17. Me har også ein husmannsplass Herlaugstaul til utleige.
Ei overnatting eller to på setra er superfint for både vaksne og born! Kanskje de bør unne dykk ein seterferie i år? Me har kyr,kalvar hestar, høner, kaniner, grisar, kje og lam. Foredling av all mjølka frå kyrne til ost, rjome og smør. Me har ein liten gardsbutikk med våre eigne og andre lokale matvarer. Servering av rjomegraut og annan seterkost samt dagsaktivitetar. Her kan små og store få prøve turriding, men då er det lurt å tinge tid på førehand. Selskapslokale heile året. Tinn og Rjukan har mykje flott, Gaustatoppen 45 km unna. Tidlegare gjester kjem med mange lovord og Håvardsrud Seterliv fekk BU-prisen for Telemark i 2011! Vil du vera husmann? Nytt tilbod frå 2017, lev som i gamle dagar utan straum og innlagt vatn, her har me også høner og smådyr som de steller!