Mjonøy

Selskapslokale vårt til ca 50 mann   Fotograf: Torunn Tvedt

Frå bakeriet   Fotograf: Gudrun Kristine Tjønnhaug Semons

Inne i den 400 år gamle hytta vår Fjoset

Fjoset   Fotograf: Gudrun Tjønnhaug Semons

Hytta Teigen ein fin sommardag. Enkel standard: 400 kr   Fotograf: Gudrun Tjønnhaug Semons

Vegskilt Gardsmat/Bygdeturisme (HANEN)
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Torunn Johanne Tvedt
Adresse 3890 Vinje
Telefon 911 48 580
Mobiltelefon 91148580
Lengdegrad 7.832303
Breddegrad 59.621534

Reiser du mellom aust og vest langs E 134, må du leggje kvilepausa til Mjonøy i Vinje. Her får du skikkeleg heimegjort mat og du kan gå i bakeriet og forsyne deg av store, fristande skillingsbollar eller brød frå den vedfyrte steinomnen. Her er også trivelige hytter for utleige!

Her er store og små hytter, alle gamle tømrer frå området, 4 er høgstandard hytter med moderne komfort og med den gode atmosfæren av gamalt tømmer. Nyaste hytte heiter Totak og har den mest romantiske himmelsenga langs E 134! Me tek i mot grupper, selskap, familiefeiringar, o.s.b.

Utsalstad:

Mjonøy

Produkt:
Bakevarer:

Brød steikt i vedfyrt steinomn; herleg sprø skorpe: kr. 45 Loff og rundstk.

Beste søte bollar langs E 134! Mandelstjerner,skillingsbollar,skulebollar, ekstar store: kr. 25

Ekte rjomegraut med saft: kr. 85

Vesaaskurven: sauepølsa frå garden Vesås med urtesaus, gr. saker og jordeple: kr. 160

Haglette m. kling ( spennande lokalt produkt av nysila mjølk og lefse) kr. 85

Nytt høve til å sova i dei komfortable hyttene innreidd med omtanke og sans for kombinasjoon av gamal atmosfære og topp moderne standard. God sengestandard!

Prisar frå 275 kr. til 1300 kr.

Hjarteleg velkomen! Stoppar du fyrst ein gong på Mjonøy, stoppar du kvar gong.

Les mer