Adresse | Henjum 6863 Leikanger |
Telefon | 57654014 |
Mobiltelefon | +47 415 11 774 |
Lengdegrad | 6.843879 |
Breddegrad | 61.189089 |
Henjatunet - Eggjargarden på Leikanger, eit spennande klyngetun som 100 moh over Sognefjorden, inviterer til ei oppleving du aldri vil gløyma. Gjesten er alltid i sentrum , anten det er på vandreturen eller i gardsrestauranten du vil besøka
Henjatunet - Eggjagarden tilbyr;
1. Gardsbesøk med formidling om livet i klyngetunet og på garden. Vandring over gamle gravhaugar og/ev. besøk i frukthagen. Servering av heimelaga cider og lokalproduserte lefser. Og eit kulturinnslag høyrer alltid med frå ein vestlandsgard.
2. Servering i Gardsrestauranten - ei gamal sprerrestove på garden frå 1765. Vi serverer to, tre og fire retters middag. Maten er laga av, så langt ein klarar, lokale råvarer ofte tilpassa dei ulike årstidene. Lam og ulike frukter frå garden er hovudingrediens i menyane. I tillegg til utsøkte vinar, kan vi tilby lokalprodusert øl frå Leikanger og dessertvinar frå Ciderhuset i Balestrand
3. Vi nyttar også gardsrestauranten til lunsjgrupper og miniseminar.
4. Vi tilbyr også vandreturar på 3-4 timar til vårstølen - Dalhjella. Formidling på heile turen og vi tek med oss cider og juice og lefser frå garden, og serverer det på gjengrodde stier med gode historiar.
Alle besøk må førehandtingast.
Hjarteleg velkomen
Helsing
Marit Henjum Halsnes m/familemedlemer og gode hjelparar