Kontaktperson | Randi Berit Tveit Hande |
Adresse | Tyinvegen 1832 2960 Røn |
Telefon | 61343141 |
Faks | 61344542 |
Mobiltelefon | 91797991 |
Lengdegrad | 9.0236 |
Breddegrad | 61.06544 |
Rakfisk, rakørret, hytteutleige/båt-fiske, sauehald, spekemat, ekte rømmegraut, servering i Hande Matstogo, omvisning i rakfiskbedriften. Handes Rakaure har alltid produsert rakfisk på garden, men i større målestokk sidan 1979. Vårt produksjonsanlegg ligg i vakre omgivelser, nord for Røn i Vestre Slidre. Hande gard - fisk produserer rakfisk som er fødd og oppvakse i Valdres. Fisken er merka med spesialitet godt norsk og vi har også oppnådd å få geografisk beskytta betegnelse på rakfisken. Vi vann folkejury 2010 og fagjuryprisen 2011. Sau og lam er også av gardens produkt. Vi blei ein av dei tre beste i kurvkåring 2013 i Valdres, Hande´s Fårepølse.
Vi har eit eiga serveringslokale, Hande Matstogo.
Smaken av lokal mat
Vi serverar:
Spekemat-tallerken som består av fenalår, spekepølse og spekeskinke tilbehør kan vere eggerøre, salat, potetsalat, rummegraut den ekte Valdres grauten.
Rakfisktallerken med potet ,flatbrød, lefse, lauk, rumme godt smør m.m. alt etter ynskje og pris.
Lefsa er også heimebaka.
Rakfisk kan serverast i fleire variantar, forrett.
Pinnekjøt m/tilbehør
Annen mat etter ønske
Drikke til maten saft, brigg og mineralvatn. Saft er inkludert i menyen.
Kaffe – kvikako (gamal Valdreskost), lappar og vafflar alt med rumme og syltetøy.
Levande gardsbruk, fin natur i triveleg stogo,veranda med utsikt utover Slidrefjorden og fiskeanlegget kan gjestene nyte utsikten og maten. Vi kan ta imot femti personer til servering av tradisjonskost.
Servering på bestilling.
Opplev garden
Omvisning på garden og dens historie bakover i tid, fiskeanlegget og om rakfiskproduksjon. Inne i storstua visast det fram biletar som Kari eller Knut fortel om rakfisk og sau.
Utsalg
Vi kan tilby salg av gardsproduktane, rakfisk, fenalår, spekepølse, pinnekjøtt, rømmegraut, grill fisk/kjøt og salta bog, og lokal mat i frå andre produsentar: Beito osten, brun geitost, godt smør, heimebaka lefse, flatbrød m.m
Vi bur på garden, dermed er opningstidanefleksible, sundagar også. Velkomne til oss for ein hyggeleg handel og prat.
Levering av produkter
I sesongen (oktober - desember) har vi ruter til Oslo med eigen kjølebil. Vi kjører tysdager og torsdager.
Har også nokon turer til Gjøvik- Hamar- Lillehammer.
Ring for avtale.
Vi står på marked: Bondens Marked (Lillehammer/Asker), Julemarked i Sandvika m.m. Sjå heimeside for datoer.
Hytteutleige
Hytteutleige med plass til 7 personar.
Kjøkkenet er godt utstyra; oppvaskmaskin, vaskemaskin.
Triveleg stogo i gamal stil, bad, badstue.
Lintøy og handkler kan leies.
Båtutleige, fiske
Rakfisk frå Valdres er einmattradisjon med røter heilt tilbake til 1600-talet, nokonmeiner endå lengre. Ved å nytte dei same oppskriftene somden gong, kombinert med nåtidas krav til hygiene og sikkermatproduksjon, får vi eit resultat som gjer rakfisk fråValdres til ei delikatesse og eit begrep blant kjennarar.
Rakfisk frå Handes Rakaure er produsert og foredla på HandeGard i Vestre Slidre i Valdres.
Hjerteleg velkomne til oss!