Hekta Bakeri & Gardsmat

  Fotograf: JBnedlandfoto

  Fotograf: jbnedlandfoto

  Fotograf: JBnedlandfoto

  Fotograf: JBnedlandfoto

  Fotograf: JBnedlandfoto

Vegskilt Gardsmat/Bygdeturisme (HANEN)
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Sirdalsveien 7430
4443 Tjørhom
Telefon 48022211
Lengdegrad 6.89324
Breddegrad 58.918952

Hekta er eit bakeri og gardsutsal plassert på Sinnes i øvre Sirdal. Her bakar me brød, bollar, kaker og tradisjonsbakst. Me gjer alt me kan for å skapa ei god atmosfære i den vesle bakstestova vår på Sinnes, med fokus på tradisjon og historieforteljing

Du kan ta deg ei runde i kafeen, og sjå lokale handverk og bilete av folk og fe frå Sirdal. Kanskje du finn nokon du kjenner?

Me er spesielt opptekne av rein mat og lokale råvarer. I kafeen og bakeriet nyttar me eigenprodusert mjølk frå kyr som har det godt på Åsne og Johan sin fjellgard ved Dorgefoss. I baksten nyttar me surdeig og lang hevetid, som gjer baksten meir smakfull - og god for kroppen.

Velkomen innom oss på Hekta!

Helsing

Åsne & Ingvild

Les mer