Kontaktperson | Sindre Aabrekk |
Adresse | Oldedalsvegen 2022 6791 Oldedalen |
Telefon | 97 17 85 88 |
Mobiltelefon | 97 17 85 88 |
Lengdegrad | 6.815989 |
Breddegrad | 61.679537 |
Velkomen til Aabrekk Gard Trollbu! Vi tilbyr overnatting i Trollbutunet, som består av 2 hytter og 2 leiligheter. I hovedsesongen har vi open kafé kvar dag oppe i tunet på garden. Vi har lokale for servering for selskap/grupper og vi sel varer som er produsert på garden. Aabrekk Gard Trollbu er startpunktet for gåturen til Brenndalsbreen.
Aabrekk Gard Trollbu ligg øvst i den vakre Oldedalen i Stryn kommune.
Garden og Trollbutunet ligg i eit roleg område, ved foten av Brenndalsbreen, og ikkje langt frå den berømte Briksdalsbreen. På vegen til Brenndalen kan ein møte på sauene våre som beiter der sommarstid. Oldedalen er omkransa av høge fjell, frodiggrøne fjellsider, blåkvite brear og ville fossar, som dansar nedover fjellsidene.
Vi tilbyr overnatting i ei hytte og 2 restaurert hus frå 1700- og 1800-talet, i Trollbutunet. Vi leiger ut hytter og leiligheter frå mai til ut september. Sjå heimesida vår eller www.booking.com for bestilling.
Oppe i tunet på garden har vi eit serveringlokale med god plass for selskap og grupper, der vi serverar heimelaga mat. Sjekk ut heimesida vår for bestilling.
I kaféen serverar vi heimelaga gardsmat og kaker, og sel matvarer som er produsert på garden, samt heimebrygga øl. Vi har også utsal av is frå Diplom is.
Produkta som vert levert frå garden er basert på sterke tradisjonar, og ber namnet Lykle.
Opningstider kaféen:
29. mai til 20. juni: 14.00 - 17.00.
21. juni til 17. august: 12.00 til 18.00.
Tlfnr. til kaféen: 47 61 99 33. NB: Dette nummeret blir kun besvart i opningstidene til kaféen.
Sjekk ut heimesida vår, googlekontoen vår for Aabrekk Gard Kafé og restaurant, Facebook eller instagram for opningstider utanom hovedsesongen.
Velkomne til gards!