Store Ringheim Hotell & Restaurant

Dronebilete av tunet

Restaurant Flor`rn   Fotograf: Gunn K. Monssen

Eldhuset   Fotograf: Gunn K.Monsen

Reiskapshuset   Fotograf: Gunn K.Monsen

Reiskapshuset   Fotograf: Gunn K. Monsen

Kjøkken, hovudrett vilt   Fotograf: Gunn K.Monsen

Utemiljø   Fotograf: GB design

Reiskapshuset   Fotograf: Gunn K.Monsen

Gardsmat - Pinnakjøtt   Fotograf: Gunn K.Monsen

Vegskilt Gardsmat/Bygdeturisme (HANEN)
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Svein Ringheim
Adresse Mølstervegen 44
5705 Voss
Telefon 95406135
Mobiltelefon 95406135
Lengdegrad 6.428819
Breddegrad 60.636612

Velkomne heim til Store Ringheim hotell & restaurant! Vakkert beliggande på Voss finn du Store Ringheim. Vertskapet er niende generasjon. Her har det vært driven jordbruk i over 2000 år, og dagens eigarar har stått for ein møysommelig konvertering frå landbruk til hotell- og restaurandrift på det gamle tunet. Eit opphold på Store Ringheim er eit fantastisk utgangspunkt både for dei aktivitetssøkende og kulturreisande, i ein atmosfære prega av ro og harmoni. Her bur du komfortabelt og blir servert autentisk kvalitetsmat - alt med imøtekommende og personlig service.

Gardshuset

I eit tilsynelatande grått og slite gardshus har me 6 unike og historiske hotellrom. I det gamle Gardshuset frå 1860 er tømra er synleg og romma har fått namn etter det dei vart kalla før i tida.

”Eldhuset”, som er den gamle årestova frå 1600-talet, er det mest spesielle rommet - perfekt for eit romantisk opphald. "Eldhuset" vert og nytta som brudlaupssuite.

Reiskapshuset

Det gamle Reiskapshuset vart bygd om og teke i bruk som hotell vinteren 2017. Her har me 9 moderne rom i ein god storleik, alle innreia i same stil som resten av hotellet.

Hjå oss skal du kjenna deg som heime og me synes det er upersonleg at eit rom berre har eit nummer. Difor har alle dei 9 hotellromma i Reiskapshuset fått namn etter fjella som ligg ikring oss her på Voss.


Restaurant Flo`rn

Opningstider:

Vinter / vår 2022:

Torsdag - lørdag, kl. 17-23 (kjøkken 21)

Sommarsesong:

Mandag - søndag, kl. 17-23 (kjøkken 21)

Ope for grupper på minimum 10 personar til andre dagar og tidspunkt, ved førehandstinging minst 2 døgn på førehand.

Våre Selskapslokaler

Her hjå oss på Store Ringheim møter du ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmerveggar, fine og unike detaljar, moderne komfort og ei heilt spesiell atmosfære - som byr på den perfekte råma for å feira ulike livshendingar.

Me har lokale i ulike storleikar å by på; Smalaflor'n, Flor'n, Tømmerstovo og hagestova ute på terrassen.


Gardsmat - Gårdsbutikk

Store Ringheim Gardsmat, frå åker til bord!

Me er opptekne av bærekraft og kortreist mat. På garden lagar me ein del tradisjonelle produkt sjølve, basert på og utvikla frå gamle oppskrifter.

Produkta våre vert laga med så lite tilsetjing som mogleg - som oftast berre salt, sukker og pepar. Den viktigaste ingridiensen er faktisk tolmod, for det må ein ha skal det verta god mat!

Møter, samlinger, kurs & konferanse

Nye og uvanlege omgjevnader gjev grobotn for nye tankar og perspektiv. I ei roleg atmosfære tilbyr me alt som trengs for å gjennomføra ei god samling: lokale, utstyr, mat, drikke og eventuelt overnatting i vårt boutiquehotell.

Me skreddarsyr opplegg ut frå dykkar ynskje og behov.

Smalaflor'n inntil 40 pers. • Tømmerstovo inntil 20 pers.

Les mer