Fossane gard

Gjestene koser seg i våre gardshus.   Fotograf: Ryfylkefotografen

Vertskapet Janneke og Martijn med hunden Vikki.   Fotograf: Lise Bjelland

Soverom   Fotograf: Ryfylkefotografen

i møte med dyr   Fotograf: Ryfylkefotografen

Fossane gard i vinterlandskap   Fotograf: Janneke Wijgergangs

Fossane gard i landskapet, frå garden kan du ta mange fine turer.   Fotograf: Janneke Wijgergangs

Stova i Bjødlandsfolgå   Fotograf: Helge Eek

Folgå   Fotograf: Eelke Pouw

Kraftverket på garden, eit historisk bygdekraftverk som blei tatt i drift igjen i 2000.   Fotograf: Helge Eek

Vi har tre gardshus til utleige. Til venstre fosser elva Tøtlandsånå.

Spisebord på kjøkkenet i Folgå   Fotograf: Helge Eek

Norsk økoturisme
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Fundingslandsvegen 105
4130 Hjelmeland
Telefon 91112973
Lengdegrad 6.377889
Breddegrad 59.261206

Fossane gard er ein sjarmerande plass der vi tilbyr overnatting i nostalgiske utleigehus, fulle av særpreg og historie, omkransa av fossar, vatn og fjell. Vi tar vare på garden og dei gamle tradisjonane. Våre utleigehus er autentiske gardshus med sjel, historier i veggane og ei lun, heimleg atmosfære. Her går sjarm og komfort hand i hand, med moderne fasilitetar som dusj, toalett og fullt utstyrt kjøkken i alle husa. Vi held ope heile året og ønskjer deg velkommen til eit unikt opphald der du kan oppleve naturen på sitt aller beste.

Området rundt Fossane gard byr på eit rikt utval av naturopplevingar. Utforsk spektakulære turmål som Ritlandskrateret, Melands Grønahei, Skomakernibbå og Trodla Tysdal, eller ta turen til stølen vår, Subbeli. Du kan også padle på Giskelivatnet eller fiske i elva Tøtlandsåno og Vorma – eit elvelandskap som minner om eit naturleg badeland.

Vi, Janneke og Martijn, overtok garden i 2020. Opprinnelig kjem vi frå Nederland, men vi har stortrivst i Norge sidan 2006. På garden steller vi med fleire dyr: sauer som hjelper oss med å halde kulturlandskapet i hevd, samtidig som dei gir oss kjøtt, ull og skinn; høner som skaffar oss egg; katten som fangar mus; og hunden som er vår beste ven.

Vi inviterer deg gjerne til ei orientering og omvisning i det restaurerte bygdekraftverket vårt, der vi produserer vår eigen straum – eit spennande innblikk i fornybar energiproduksjon.

Hos oss på Fossane gard kan du slappe av og kome nærare både naturen og deg sjølv.

Les mer