FLATHEIM

Aktiviteter og opplevelser
Gårdsbutikker
Møter, kurs og selskaper
Overnatting
Servering

Kontaktperson:

Heidi Vallestad

Adresse:

Gaularfjellsvegen 2275, 6978 Viksdalen

Telefon:

Nettside:

Flatheim ligg i Viksdalen, tett ved Nasjonal Turistveg Gaularfjellet og det verna Gaularvassdraget, 430 moh. Småbruket har historie tilbake til 1949, då det vart frådelt som eige bruk. Heidi og Sigurd som driv Flatheim er 12. generasjon på garden. I tillegg til det opprinnelege pensjonatet frå 1949, har vi dei siste 10 åra utvida med fleire bygningar i tunet. Dei fleste bygningane er eldre hus som vi har flytta hit, restaurert og innreia til komfortable og hyggelege rom for gjester. Hos oss kan du overnatte i leiligheter, familierom eller dobbeltrom. Dei ulike einingane er lokaliserte i fleire hus i tunet, omringa av ein koseleg hage med bær, urtar og blomster, sitjegrupper og hagestove. Eitt av husa er eit freda, og den eldste delen er frå 1570. I denne bygningen har vi har lokale for selskap og møter. Tidlegare var det også bensinstasjon her, denne er no nedlagt. Den gamle “kiosken” til bensinstasjonen er no ein liten butikk med gåver, forfriskningar og lokale produkt.

Vi har eit fint friluftsområde ved elva, med gapahuk, bålpanner, og gruer, der ein kan grille, bade og kose seg i pakt med naturen rundt. Ved elva har vi også eit område med lysthus og badestamp og sauna som kan leigast. Garden er godkjent 4H-gard, og kan også tilby barn, unge og vaksne opplegg for aktivitet og læring etter avtale. Vi er også godkjent Inn På Tunet-gard. Garden har sjølvsagt dyr, og du kan treffe både sauer, høner og kattar med adresse Flatheim.

Frå ca midten av juni til midten av august kan du også velge å bu i glampingtelt på elvekanten ved Flatheim. Komfortabelt, men endå tettare på naturen.

Flatheim ligg omtrent midt i fylket, og er perfekt som base for utflukter til Sognefjorden, Dalsfjorden, kysten eller Jølster og Nordfjord. Lokalt er det fine turmogelegheiter, både toppturar, og lettare turstiar. Like ved, langs Gaulavassdraget ligg Fossestien, ein flott opparbeida sti, som snor seg langs elva, frå høgfjellet og ned gjennom bygda, forbi fossar og vatn i stadig skiftande terreng. Det ligg fint til rette både for fisketurar både i elv og vatn, eller padling i kano eller kajakk.

Gaularfjellet er også eit perfekt mål om du leitar etter fine MC-turar. Her kan du oppleve å cruise langs fjorden, gjennom frodige bygder, til høgfjellet, og ikkje minst dei ni hårnålssvingane og Utsikten på fjellet. Ei strekning utan tunellar, faktisk.

Kjem du hit om vinteren, så kjem du til vinter-eventyr-land. Vi har som oftast snø, og nærleiken til Gaularfjellet opnar for eit fantastisk landskap for toppturar og vinteropplevingar. Vårskiturar her er også å anbefale.

I 2019 blei v sertifisert Norsk Økoturisme-bedrift. Vi har eit stort ønske om å vise fram og ta vare på dei lokale ressursane, både når det gjeld folk, mat, natur, kultur og historie. Vi er opptekne av miljøet, og det er ein stor verdi for oss å kunne gjenbruke både bygningar, materialer, møblar og tekstilar, -gjerne la den gamle tid møte den nye. Vi ønsker å bruke naturen, men bruke den skånsomt. Vårt mål er å resirkulere avfall i størst mogeleg grad, ha minst mogeleg matsvinn, og la utslepp både i luft og vatn vere minst mogeleg til skade. Dette er viktige verdiar for oss, som vi håpar mange av våre gjester også kan dele med oss.

Tek du turen til Flatheim får du oppleve eit område som ligg litt utanfor dei sterkaste turiststraumane, som likevel byr på store naturopplevingar, levande bygder, ro og fred. Velkommen til oss!