Håvardsrud Seterliv

Aktiviteter og opplevelser
Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter
Overnatting
Servering

Kontaktperson:

Ingebjørg Håvardsrud

Adresse:

Skirvedalsvegen 86, 3650 Tinn Austbygd

Telefon:

Nettside:

Overnatting på ei seter er superfint for både vaksne og born! Kanskje de bør unne dykk ein seterferie i år? Me har kyr, kalvar hestar, høner, kaniner, høner, grisar, kje og lam. Foredling av all mjølka frå kyrne til ost, rjome og smør. Me har ein liten gardsbutikk med våre eigne og andre lokale matvarer. Servering av rjomegraut og annan seterkost samt dagsaktivitetar. Her kan små og store få prøve turriding, men då er det lurt å tinge tid på førehand. Selskapslokale heile året. Tinn og Rjukan har mykje flott, Gaustatoppen 45 km unna. Tidlegare gjester kjem med mange lovord og Håvardsrud Seterliv fekk BU-prisen for Telemark i 2011!

Vil du vera husmann? På husmannsplassen Herlaugstaul lever de som i gamle dagar utan straum og innlagt vatn, her har me også høner og smådyr de kan stelle. Ei heilt unik oppleving i eit autentisk lite hus midt i skogen for dykk sjølve. Så er de velkomne opp på setra som ligg 5 km unna, de kan gå den gamle setervegen eller køyre bil.