Gardsbutikken i Aurland
Kontaktperson:
Venke Sjursen
Adresse:
Skulevegen 24, 5745 Aurland
Telefon:
Nettside:
E-post:
Gardsbutikken finn du midt på tunet til den einaste heiløkologiske landbruksskulen i landet, Sogn Jord- og Hagebruksskule.
Set deg gjerne ned i hagen vår, sjå på livet på garden og kos deg med noko godt frå gardsbutikken.
Velkomen!
I gardsbutikken vår har vi eit breitt utval av økologiske daglegvarer, gåveartiklar og blomar for ein kvar anledning. Vi har også gartneri med oppal av blomar, grønsaksplanter og urter.
Ysteriet vårt lagar mellom anna mjølk, yoghurt, kremost, kvitostar, salatost, brunost, smør, gamalost og surmjølk.
Vi har òg kjøtvarer frå garden, og foredla varer som eplesaft og honning.
Planteskulen vår er open i sommarsesongen. Her finn du frukttre, bærbusker, stauder, samt blomar og grønsaksplanter.
Frå andre lokale produsentar har vi ost, kjøt, sjokolade, hudpleie, ullprodukt, flatbrød, honning, drikkevarer og iskrem mm.
Opningstider gardsbutikken: Måndag- fredag: 10.00-16.30, laurdag: 10.00-14.00.
Det er mogeleg å tinga omvising med smaksoppleving på det økologiske skulegardsbruket etter avtale. Ressurssenteret ved SJH arrangerer besøk, kurs og studieturar på oppdrag. Ta kontakt for ein hyggeleg prat!


