Store Ringheim Hotell & Restaurant
Kontaktperson:
Svein Ringheim
Adresse:
Mølstervegen 44, 5705 Voss
Telefon:
Nettside:
E-post:
Boutiquehotell
Store Ringheim hotell er eit lite boutiquehotell med atmosfære, omkransa av høge fjell i kombinasjon med komfort og stil. I dei gamle rustikke bygningane finn du 15 unike og komfortable rom med ein moderne touch, fordelt på Gardshuset og Reiskapshuset.
I eit tilsynelatande grått og slite gardshus har me 6 unike og historiske hotellrom. I det gamle gardshuset frå 1860 er tømra er synleg og romma har namn etter det dei vart kalla før i tida. ”Eldhuset”, den gamle årestova frå 1600-talet, er det mest spesielle rommet, – og perfekt for eit romantisk opphald. Her har mange generasjonar levd sine liv i glede og sorg, så her sit mykje historie i veggane.
Det gamle Reiskapshuset frå 1980-talet, vart bygd om og teke i bruk som hotell vinteren 2017. Her har me 9 moderne rom i ein god storleik, alle innreia i same stil som resten av hotellet. Hjå oss skal du kjenna deg som heime, og me synes det er upersonleg at eit hotellrom berre har eit nummer. Difor har alle romma i Reiskapshuset namn etter fjella ikring oss her på Voss.
Gjennom Store Ringheim Apartment har me og 5 leiligheter med sjølvhushald for utleige. Desse er eit supplement til dei 15 hotellromma våre på Store Ringheim. Villa Solberg i Voss sentrum har 3 store leiligheter, medan Villa Hjadlane rett nedom Store Ringheim har 2 store leiligheter. Desse kan bestillast via eigen link på vår heimeside.
Restaurant Flor`n, med smaken av Voss!
I den gamle løa på Store Ringheim finn du Restaurant Flor’n. Ein moderne à la carte restaurant med eit rustikt preg og ei heilt spesiell atmosfære. I Flor’n byr me på jordnære og rustikke måltid, laga av det beste av sesongens lokale og ureiste råvarer. Menyen er ikkje stor, men me har alltid eit utval av både kjøt & fisk – og sjølvsagt gode dessertar som prikken over i’en. Bærekraftig mat, frå åker til bord, er ein viktig del av vår matfilosofi. På garden har me eigen jorbæråker, grønsaksåker, bærbuskar, ein stor kjøkkenhage med både blomar & urter, samt eit drivhus. Me likar oss ute i naturen – der me sjølve sankar urter, sopp og bær som me brukar i maten vår. På garden lagar me og ein god del tradisjonelle kjøtprodukt sjølve, basert på og utvikla frå gamle oppskrifter.
Opningstider sommarsesong:
Mandag – søndag, kl. 17.00 – 23.00 (kjøkkenet stenger for nye bestillingar kl. 21.00). Bordbestilling.
Opningstider haust/vinter/vår:
Onsdag – lørdag, kl. 17.00 – 23.00 (kjøkkenet stenger for nye bestillingar kl. 21.00). Bordbestilling.
Gardsmat & bærekraftig mat, frå åker til bord
Me er opptekne av bærekraft mat og lokal kortreist mat. På garden foredlar me kjøt og lagar mange produkt sjølve, basert på og utvikla frå gamle oppskrifter. På garden dyrkar me ein del grønsaker sjølve, me har eigen jorbæråker, grønsaksåker, bærbuskar og ein stor kjøkkenhage med både blomar & urter. Ute i naturen sankar me sopp, urter og bær. Mykje av det du finn på frukostbordet og i våre smakfulle rettar i restauranten, kjem frå vår eigen gardsmatproduksjon. Det me ikkje lagar eller sankar sjølve, kjem frå dyktige lokale produsentar som leverer den gode kvaliteten som me ynskjer å ha.
Selskapslokale, møter, kurs & konferanse
Unike lokale som byr på den perfekte råma for å feira ulike livshendingar eller gode samlingar. Me har lokale i ulike storleikar som høver til alt frå små intime selskap til større arrangement; Smalaflor’n, Flor’n, Tømmerstova og hagestova ute på terrassen. På Store Ringheim kan du og leiga heile anlegget for ditt arrangement.
