Jerseymeieriet

Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter

Kontaktperson:

Sonja Herikstad Skårland

Adresse:

Herigstadvegen 110, 4346 Bryne

Telefon:

Nettside:

Det einaste som er stort her på garden, er ambisjonane.
Med den unike mjølka frå jerseykyr kan vi lage prima meieriprodukter. Fylt på små beger og mjølkeflasker, så klart.

Vi setter ku-komfort høgt og har kyrne i lausdrift med vannmadrass i liggebåsane. Ein mjølkerobot tek seg av mjølkinga. Jerseymeieriet er dessutan det einaste meieriet i landet som har mjølk som er dyrevernmerka.

Gjennom nettverket vårt i Europeisk Jersey Forum kom vi i kontakt med bønder i Tyskland som inviterte oss på studietur til gardsmeieriet deira heime i Tyskland. Der såg vi at det å foredle den energirike mjølka til jerseykyrne gir heilt andre produkt enn frå dei andre kurasane. Produkter av rein Jerseymjølk er per i dag ikkje å få ta i her til lands.

Vi satsar på småskalaproduksjon av meieriprodukt frå eigne kyr. Vi vil tilby enkle, gode handverksprodukt av høg kvalitet. For oss er det heilt sjølvsagt med friske dyr, god dyrevelferd og respekt for dyra.