Fossane gard

Aktiviteter og opplevelser
Overnatting

Kontaktperson:

Janneke Wijgergangs

Adresse:

Fundingslandsvegen 105, 4130 Hjelmeland

Telefon:

Nettside:

Området rundt Fossane gard byr på eit rikt utval av naturopplevingar. Utforsk spektakulære turmål som Ritlandskrateret, Melands Grønahei, Skomakernibbå og Trodla Tysdal, eller ta turen til stølen vår, Subbeli. Du kan også padle på Giskelivatnet eller fiske i elva Tøtlandsåno og Vorma – eit elvelandskap som minner om eit naturleg badeland.

Vi, Janneke og Martijn, overtok garden i 2020. Opprinnelig kjem vi frå Nederland, men vi har stortrivst i Norge sidan 2006. På garden steller vi med fleire dyr: sauer som hjelper oss med å halde kulturlandskapet i hevd, samtidig som dei gir oss kjøtt, ull og skinn; høner som skaffar oss egg; katten som fangar mus; og hunden som er vår beste ven.

Vi inviterer deg gjerne til ei orientering og omvisning i det restaurerte bygdekraftverket vårt, der vi produserer vår eigen straum – eit spennande innblikk i fornybar energiproduksjon.

Hos oss på Fossane gard kan du slappe av og kome nærare både naturen og deg sjølv.