Sve Gard

Sve Gard var skysstasjon på 1800-talet.

Sve Gard har mange fine antikvitetar etter drift i 13 generasjonar.

Sve Gard med destillerilåven ligg fint til med utsikt mot Jotunheimen.

Gardbrukarar frå Tyskland interesserte i gardsdrifta på Sve Gard.

Torbjørn Egner har vore gjest på Sve Gard, og han har teikna desse tre stabbura.

Slik teikna Torbjørn Egner dei tre stabbura på Sve Gard

Vågåsommaren er eit kjent omgrep innan målarkunsten. Erik Werenskiold var ein av kunstmålarane som budde på Sve Gard og fann fleire motiv i Vågåbygda.

Med moderne GPS-styring blir potetene sett på i alt 750 mål.

Harald Sve Bjørndal ein hektisk vårdag med lamma på garden.

Harald Sve Bjørndal midt i potetåkeren med dei populære fjellmandelpotetene.   Fotograf: Fjuken v/Arve Danielsen

Sve Gard har eitt av dei mest moderne destilleri i landet, produsert av CARL i Tyskland.

Akevitten frå Sve Gard blir lagra på eiketønner for å gje den ekstra gode smaken !

Triveleg miljø

Store areal med mandelpotet.

Vårarbeid med mandelpotetene.

Vegskilt Gardsmat/Bygdeturisme (HANEN)
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Vågåvegen 9
2680 Vågå
Telefon 95982201
Lengdegrad 9.114367
Breddegrad 61.877449

Sve Gard i Vågå var skysstasjon på 1800-talet. Harald Sve Bjørndal som er 13 generasjonen på garden ønskjer på nytt å opne garden sin for besøkande. Sve Gard produserer årleg to tusen tonn mandelpoteter. Bjørndal har installert eit svært moderne destilleri og arbeider vidare med etablering av gardsmuseum og lunsjservering.

Sve Gard i Vågå produserer årleg 2000 tonn mandelpoteter som i 15 år har vore svært populære på matbordet. Harald Sve Bjørndal har fått løyve til å produsere alkoholhaldig drikk med poteter som råstoff. Produksjonsutstyret som er unikt i Norge er i drift i eige bygg på garden. Etter 13 generasjonar på garden er det samla svært mange fine antikvitetar på Sve Gard som etter kvart blir å sjå på stabbura og andre hus på garden som Torbjørn Egner har teikna så fint. Ikkje mange gardar i landet har ein uopna gravhaug ved gardstunet sitt ! På Sve Gard kan du høyre om dagens moderne gardsdrift med GPS-styring, spennande gardshistorie med gamle bruksgjenstandar, oppleva eit topp moderne destilleri, og ikkje minst etter kvart få servering. Oppgradering av matsalen ligg på teiknebrettet, og Arne Brimi står bak matoppskrifta ! Vågå og Sve Gard er ein sjølvsagt stoppestad på reisa nord-sør, eller aust-vest ! Sve Gard har vore skyss-stasjon på 1800-talet og på nytt ønskjer Harald Sve Bjørndal med familie nye gjester velkomne til Sve Gard !

Mange legg i dag turen innom Sve Gard for å sikre seg dei gode mandelpotetene, og mange tykkjer det er interessant å sjå og høyre om det moderne destilleriet montert i den ombygde og renoverte destillerilåven. Neste år tek Harald Sve Bjørndal sikte på å kunne opne dørene med gardsmuseum, og lunsjservering kan avtalast på førehand.

Les mer