Store Ringheim Hotell & Restaurant

Store Ringheim Gardsmat, me lagar blandt anna vårt eige pinnakjøt som vert servert på våre "jolabord" i november og desember.   Fotograf: Gunn K.Monsen

Detalj frå rom "Kolingaeggi", eit av ni hotellrom i Reiskapshuset   Fotograf: Gunn K.Monsen

Løa med resepsjon, lounge, bar, restaurant og selskap-/møtelokale.   Fotograf: Giske, Berland, Design by Giske

Detalj frå rom "Songvesåsen", eit av ni hotellrom i Reiskapshuset   Fotograf: Gunn K. Monsen

"It's all in the details" - detaljer frå hotellrom i Reiskapshuset   Fotograf: Gunn K.Monsen

Restaurant Flor`n, ein rustikk og moderne ala carte restaurant med fokus på kortreist mat & smaksopplevelse!   Fotograf: Gunn K. Monssen

Store Ringheim hotell & restaurant, Voss.   Fotograf: Store Ringheim

Eldhuset", den gamle årestova frå 1600-talet, eit av seks hotellrom i Gardshuset.   Fotograf: Gunn K. Monsen

"It's all in the details" - frå rom "Eldhuset", den gamle årestova frå 1600-talet.   Fotograf: Gunn K. Monsen

"Kammerset", eit av seks hotellrom i Gardshuset.   Fotograf: Gunn K. Monsen

"It's all in the details" - frå rom "Kammerset" i Gardshuset   Fotograf: Gunn K. Monsen

"Kjøkjen", eit av seks hotellrom i Gardshuset   Fotograf: Gunn K. Monsen

"It's all in the details" - frå "Stovo", eit av seks hotellrom i Gardshuset.   Fotograf: Gunn K. Monsen

"It's all about the details" - frå "Stovo" i Gardshuset.   Fotograf: Gunn K. Monsen

Rom "Stovo" - eit av seks hotellrom i Gardshuset.   Fotograf: Gunn K. Monsen

Detaljer, rom "Svartahorgi" i Reiskapshuset.   Fotograf: Gunn K. Monsen

"It's all in the details" - frå "Songvesåsen", eit av ni hotellrom i Reiskapshuset.   Fotograf: Gunn K. Monsen

"Lønahorgi", 3-sengs hotellrom i 2. etasje i Reiskapshuset.   Fotograf: Gunn K. Monsen

Restaurant Flor'n, ein rustikk og moderne a la carte restaurant med fokus på kortreist mat og smaksopplevelser!   Fotograf: Gunn K. Monsen

Hagestova på terrassen; restaurant & selskapslokale i sommarsesongen.   Fotograf: Store Ringheim

Frå kjøkkenhagen, Store Ringheim hotell & restaurant.   Fotograf: Giske, Berland, Design by Giske

Store Ringheim hotell & restaurant, tunet med Reiskapshuset til venstre.   Fotograf: Giske, Berland, Design by Giske

Gardshuset med 6 historiske hotellrom   Fotograf: Hotellmagasinet, Espen Braata

Garden spots to just enjoy and relax.   Fotograf: Giske, Berland, Design by Giske

Enjoy the view from the garden.   Fotograf: Giske, Berland, Design by Giske

Restaurant Flor'n, med fokus på den gode smaken!   Fotograf: Gunn K. Monsen

Restaurant Flor'n, frå sommarmeny 2023, hovudrett fisk.   Fotograf: Giske, Berland, Design by Giske

Restaurant Flor'n frå sommarmeny 2023, vegetarrett   Fotograf: Giske, Berland, Design by Giske

Restaurant Flor'n, frå sommarmeny 2023, hovudrett.   Fotograf: Giske, Berland, Design by Giske

Vegskilt Gardsmat/Bygdeturisme (HANEN)
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Svein Ringheim
Adresse Mølstervegen 44
5705 Voss
Telefon 95406135
Mobiltelefon 95406135
Lengdegrad 6.428819
Breddegrad 60.636612

Velkomen heim til Store Ringheim hotell & restaurant på Voss, staden for dei gode opplevingane! I vakre omgjevnader med utsyn over store deler av vossafjella finn du Store Ringheim, eit lite "steinkast" frå Voss sentrum. Her kjem du til ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmerveggar, fine detaljar og ei heilt spesiell atmosfære. Vertskapet er niande generasjon på garden der det har vore drive jordbruk i over 2000 år. Dagens eigarar har stått for ein møysommelig konvertering frå landbruk til hotell- og restaurandrift i det gamle gardstunet. Store Ringheim hotell er eit unikt boutiquehotell med atmosfære, komfort og stil. I to av dei gamle bygningane på garden finn du 15 unike og komfortable rom med ei moderne "touch". I den gamle løa (låven) ligg Restaurant Flor'n, pub, lounge, samt lokale for selskap og møter/konferanse. I restauranten kan du nyta jordnære og rustikke måltid, laga frå botnen av med det beste av sesongens lokale & kortreiste råvarer. Eit opphald på Store Ringheim er eit fantastisk utgangspunkt både for dei aktivitetssøkande og kulturreisande, i ei atmosfære prega av ro og harmoni. Her bur du komfortabelt og blir servert autentisk kvalitetsmat - alt med ei imøtekomande og personlig service. Hjå oss skal kvar enkelt gjest føla seg som heime. Ekstremsport- og arrangørbygda Voss har mange aktivitetar og opplevingar å tilby året rundt.

Boutiquehotell, Gardshuset

I eit tilsynelatande grått og slite gardshus har me 6 unike og historiske hotellrom. I det gamle gardshuset frå 1860 er tømra er synleg og romma har fått namn etter det dei vart kalla før i tida.

”Eldhuset”, som er den gamle årestova frå 1600-talet, er det mest spesielle rommet - perfekt for eit romantisk opphald. "Eldhuset" vert og nytta som brudlaupssuite.

Boutiquehotell, Reiskapshuset

Det gamle Reiskapshuset vart bygd om og teke i bruk som hotell vinteren 2017. Her har me 9 moderne rom i ein god storleik, alle innreia i same stil som resten av hotellet. Desse 9 hotellromma fekk namn etter fjella ikring oss, då me synes at det å berre ha eit nummer på romma er upersonleg.

Apartment - leiligheter

Nytt hjå oss! Gjennom Store Ringheim Apartment har me no 5 leiligheter med sjølvhushald for utleige. Desse er eit supplement til dei 15 hotellromma våre på Store Ringheim. Villa Solberg med 3 store leiligheter ligg sentralt i Voss sentrum. Siste tilskotet, Villa Hjadlane, har 2 store leiligheter og er lokalisert rett nedom bakkane til Store Ringheim.


Restaurant Flor`n

I den gamle ombygde løa finn du Restaurant Flor'n, ein moderne à la carte restaurant med eit rustikt preg der me har fokus på kortreist mat & smaksopplevingar. Menyen endrar seg med sesong og råvaretilgang. Bærekraftig mat, frå åker til bord, er ein viktig del av vår matfilosofi. Me foredlar kjøtvarer og dyrkar ein del grønsaker sjølve. På garden har me eigen jorbæråker, grønsaksåker, bærbuskar, ein stor kjøkkenhage med både blomar & urter, samt eit drivhus. Me likar oss ute i naturen - der me sjølve sankar urter, sopp og bær som me brukar i maten vår.

Opningstider haust/vinter/vår:

Onsdag - lørdag, kl. 17.00 - 23.00 (kjøkkenet stenger for nye bestillingar kl. 21.00). Bordbestilling.

Opningstider sommarsesong:

Mandag - søndag, kl. 17.00 - 23.00 (kjøkkenet stenger for nye bestillingar kl. 21.00). Bordbestilling.

For grupper på minimum 10 personar, så held me ope andre dagar/tidspunkt, ved bestilling minst 2 døgn på førehand.

Gardsmat

Me er opptekne av bærekraft og kortreist mat. På garden lagar me ein del tradisjonelle kjøtprodukt sjølve, basert på og utvikla frå gamle oppskrifter. Produkta våre vert laga med så lite tilsetjing som mogleg - som oftast berre salt, sukker og pepar. Den viktigaste ingrediensen er faktisk tolmod, for det må ein ha skal det verta god mat! Dei fleste produkta vert nytta i hotell- og restaurantdrifta, medan resten sel me gjennom Store Ringheim Gardsmat, vår vesle gardsbutikk.

Selskapslokaler

Her hjå oss på Store Ringheim møter du ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmerveggar, fine og unike detaljar, moderne komfort og ei heilt spesiell atmosfære - som byr på den perfekte råma for å feira ulike livshendingar. Me har lokale i ulike storleikar å by på; Smalaflor'n, Flor'n, Tømmerstovo og hagestova ute på terrassen.

Møter, samlinger, kurs & konferanse

Nye og uvanlege omgjevnader gjev grobotn for nye tankar og perspektiv. I ei roleg atmosfære tilbyr me alt som trengs for å gjennomføra ei god samling: lokale, utstyr, mat, drikke og eventuelt overnatting i vårt boutiquehotell. Ei samling på Store Ringheim handlar om å ha gode arbeidsforhald, få god service og nyta god lokal mat.

Les mer