Jerseymeieriet

Me har fleire smakar med gelato is   Fotograf: Martha Myklebust

Mjølkeautomaten. Her kan du koma å tappa mjølk. Me har glassflasker som kan brukast fleire gonger.

Naturell Yoghurt og Prima Rømme   Fotograf: Martha Myklebust

Ute på beite til Jerseykyrne våre.   Fotograf: Martha Myklebust

Norsk Gardsost Vegskilt Gardsmat/Bygdeturisme (HANEN)
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Herigstadvegen 110
4346 Bryne
Telefon 99021032
Lengdegrad 5.673334
Breddegrad 58.719422

Jerseymeieriet ligg rett sør for Bryne sentrum og drives av Sonja Herikstad Skårland og Per Ådne Skårland. Her har vi sidan 2001 drive mjølkeproduksjon med jerseykyr. I 2021 etablerte vi eit gaardsmeieri, Jerseymeieriet. Der produserer vi blandt anna smør, rømme, skjørost, yoghurt, gelato is og andre meieriprodukter. Vi har òg ein mjølkeautomat med pasteurisert gaardsfersk mjølk som kan tappas på flasker. Kjøt frå eigne dyr har vi òg i gardsbutikken. På garden har vi òg sauer, ein liten flokk kjøttfe, 3 geiter og 2 hester. I sommerhalvåret er dyra ute på beite. På jorda dyrkar vi gras og litt korn.

Det einaste som er stort her på garden, er ambisjonane. Det verda treng er nemleg ei lita ku. Ei ku som slepp ut mindre klimagasser enn dei store kyrne. Ei ku, som gir mjølk som smaker betre og er meir næringsrik. Det er derfor vi kan lage prima meieriprodukter her på Jerseymeieriet. Fylt på små beger og mjølkeflasker, så klart.

Vi setter ku-komfort høgt og har kyrne i lausdrift med vannmadrass i liggebåsane. Ein mjølkerobot tek seg av mjølkinga.

Vi har valt Jersey fordi den har eit høgt innhald av feitt og protein i mjølka. Ei lita ku treng også mindre plass. Jerseykua er nysgjerrig, ho har eit godt lynne og er fôreffektiv. Det er faktisk også miljøvenleg.

Gjennom nettverket vårt i Europeisk Jersey Forum kom vi i kontakt med bønder i Tyskland som inviterte oss på studietur til gardsmeieriet deira heime i Tyskland. Der såg vi at det å foredle den energirike mjølka til jerseykyrne gir heilt andre produkt enn frå dei andre kurasane. Produkter av rein Jerseymjølk er per i dag ikkje å få ta i her til lands.

Vi satsar på småskalaproduksjon av meieriprodukt frå eigne kyr. Vi vil tilby enkle, gode handverksprodukt av høg kvalitet. For oss er det heilt sjølvsagt med friske dyr, god dyrevelferd og respekt for dyra.

Les mer