Visnes Hotel Stryn

Aktiviteter og opplevelser
Møter, kurs og selskaper
Overnatting
Servering

Kontaktperson:

Marit Nordheim Otterdal

Adresse:

Prestestegen 1, 6783 Stryn

Telefon:

Nettside:

Visnes Hotel har tradisjon tilbake til 1850 som overnattingsplass og serveringsplass i Stryn sentrum. I 1850 vart det starta opp med overnatting på storgarden Visnes i Stryn. Garden låg sentralt til med tilkomst både frå fjorden og landevegen. Etterkvart vart gardshuset bygd på, og på 1920-1930 talet, vart hotellet bygd opp som det framstår i dag med den kjente fasaden i sveitserstil.

Våren 2014 kjøpte ekteparet Marit og Arvid Otterdal Visnes Hotel, etter at 6 generasjonar Visnes hadde eigd og drive hotellet. Dei ynskjer å vidareføre den tradisjonelle drifta, med overnatting, servering og selskap. Hotellet har 19 rom, alle innreidd i tradisjonell stil frå mellomkrigstida med komfortable bad.

Den store spisesalen har kapasitet til selskap opp til 100 personar,og mange bryllup og åremålsdagar har vore feira på Visnes Hotel opp gjennom tidene. No kan vi, frå hausten 2020, også ta i bruk den nyrestaurerte låven til arrangement og møter. Her vil det også bli låvedans etter bryllaupsmiddagen!

Restauranten held ope kvar kveld på sommaren , og byr på ein meny med gode norske råvarer. Hjort, aure, grønnsaker og bær vert henta direkte i bygda.

Sjå nettsida vår for meir informasjon !

Helsing Marit og Arvid Otterdal