Torheim Gard
Kontaktperson:
Mark Watkins
Adresse:
Strynevegen 3196, 6798 Hjelledalen
Telefon:
Nettside:
E-post:
På Torheim Gard, ytst i Hjelledalen i Stryn – ved overgangen mellom aust og vest – driv vi eit økologisk og regenerativt gardsbruk forma av landskapet vi bur i. Bratte bakkar, skog, beite og dyrkingsjord set rammene for drifta.
Vi arbeider heilskapleg, med jord, plantar og dyr som del av same kretsløp. Levande jord, dyrevelferd og biologisk mangfald er ikkje mål i seg sjølve, men føresetnader for kvaliteten på råvarene – og på maten vi lagar vidare.
På garden dyrkar vi eit breitt utval grønsaker, urter og spiselige blomstrar i ein økologisk grønsakshage. Vi held grasfôra sau som nyttar både innmark, utmark og seterbeite, og utegris som er ein aktiv del av landskapet og ressursbruken. Frukthagen gir oss eple til most, sider og vidare foredling, og råvarene frå garden blir foredla vidare til handverksprodukt.
I den sjølvbetente gardsbutikken finn du eigne produkt frå garden, saman med eit lite og nøye utvalt sortiment frå andre lokale og økologiske produsenter. Utvalet varierer med sesong og tilgang, men grunnlaget er alltid det same: råvarer med tydeleg opphav, foredla med handverk og kvalitet.
Torheim Gard produserer økologiske råvarer og foredla produkt med utgangspunkt i eigne ressursar og sesongane i Stryn.
I grønsakshagen dyrkar vi eit breitt utval grønsaker, urter og spiselige blomstrar. Sauene er grasfôra og nyttar både innmark og seterbeite, medan grisane går ute i sesong og lever i miljø som legg til rette for naturleg åtferd. Kjøtet blir foredla av oss ved lokale foredlingsfasilitetar, med vekt på handverk og kvalitet – frå spekemat og spesialpølser til gardsburger og reine stykkningsdelar, inspirert av tradisjoner frå verda rundt oss – med eigne oppskriftar.
Vi foredlar også råvarer frå hagen gjennom fermentering, og lagar surkål og andre syrte grønsaker med levande kulturar. Frå frukthagen – og eplehagar i Oppstryn – pressar vi eple til most, sider og eplesidereddik.
Produkta finn du i utvalde spesialbutikkar i nærområdet og i den sjølvbetente gardsbutikken på tunet. I høgsesongen held vi ope kvar dag – velkomen!
