Torebuda / Den gamle landhandelen AS

Gårdsbutikker
Servering

Kontaktperson:

Trine Berge

Adresse:

Ytterdalsgata 33, 6215 Eidsdal

Telefon:

Nettside:

E-post:

Torebuda er ein gammal landhandel fra 1885 som ligg ved fergekaia i Eidsdal på Sunnmøre. Reis tilbake i tid til da hyllene var fulle av alt du trengte, kjøpmannen sto bak kjøpmannsdisken og du fikk kjøpe drops i spisspose. No får du kjøpt lokal mat og lokale produkt, garn og ein kaffekopp med kanelsnurrar, svele eller ein is. Velkommen!

Butikken het opprinnelig Th Ytterdal og var den fyrste butikken i Eidsdal. På bygda har huset alltid blitt kalt Torebuda og har blitt dreve som landhandel med handel over disk heilt fram til 2019. Etter det sto butikken tom nokre år, før den fikk ny eigar ble opna opp att i 2025.

Butikken er fortsatt som den alltid har vært, med dei blå trehyllene, kjøpmannsdisken og dei sjakkrutete flisene på gulvet. Det gamle kassapparatet og vekta står der fortsatt.

Vi sel alt det gode som sunnmøre har å by på, blant anna mykje godt syltetøy og saft fra dei dyktige bær og fruktgardane i området. Vi har også lokalt kjøtt, spekemat, ostar og honning. Kaffe, te og krydder. Flotte saueskinn og ullprodukt, håndlagde produkt, gåver og souvenirer.

Vi har sitteplassar ute der du kan ta ein kopp kaffe med noko attåt. Ein kanelsnurr frå den lokale bakerinna eller ein is laga på lokale bær eller geitemelk fra gardane i området.