Stalheimsøy Gard
Kontaktperson:
Randi Danielsen Jordalen
Adresse:
Nærøydalsvegen 286, 5713 Vossestrand
Telefon:
Nettside:
E-post:
Ein privat veg fører deg fram til ein god parkeringsplass ved hytta. Ho ligg usjenert til, men med fin utsikt.
Hytta har to separate leilegheiter.
Ei med 5-6 soverom og 2 bad, den andre med to soverom og 1 bad. Begge har koselege stover med peis i naturstein. Kjøkken er godt utstyrt med bl.a. kaffitrakter, kjøleskap og oppvaskmaskin. Du finn også eit fellesrom med vaskemaskin, stor frys, vask og WC.
Terrassane er overbygde med hagemøblar og grill. Du finn og ein utepeis i naturstein, og i hage kan du hausta urte frå urtebedet. Her er det store uteareal å boltra seg på for både store og små.
Sommar som vinter er her eit framifrå utgangspunkt for utflukter og aktivitetar til fots og med bil. Nærøyfjorden er kåra som beste reisemål på Unesco si verdsarvlista.