Små Vesen

Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter
Servering

Kontaktperson:

Espen Blåfjelldal

Adresse:

Oslovegen 797, 2910 Aurdal

Telefon:

Nettside:

Ein skal ikkje lenger attende i folketrua enn til 1800-talet, då trudde folk det var dei underjordiske som gav alkoholen i ølet. Ja, ein kunne sjå dei i bruset og boblene. Desse små vesena set me stor pris på, difor bryggeriet Små Vesen.

Bryggeriet på Anmarkrud Gard opna i 2015 og i bryggerhuset vert det årleg produsert kring 80 000 liter øl. Me brygger handverksøl med lite bruk av automatikk og maskineri, men med mykje manuelt arbeid. På den måten sparar me på dei gode smakane og ikkje minst gleda ved å brygge godt øl. I utsalet vårt kan du kjøpe ølet vårt på flaske og fat, samt gåvepakningar, glas og anna fint.