Påldtun Gard
Kontaktperson:
Veronica Hauge
Adresse:
Nordstrandsvegen 264, 6823 sandane
Telefon:
Nettside:
E-post:
Påldtun Gard ligg solrikt til ved Gloppefjorden i Nordfjord. På garden vår dyrker vi eple, bringebær og jordbær. Det som ikkje går til konsum blir vidareforedla på flasker og glas, slik at du kan få ein smak av sommar heile året. Øverst i frukthagen med utsikt over fjord og fjell finn du to mini hytter til utleige. Ved vegen har vi ei sjølvbetjent salgsbod. Der kan du kan handle ferske bær i sesong og lokale produkt frå Påldtun og andre lokale matprodusentar i Nordfjord. Vi har også utleige av sauna og båt ved fjorden.
Dei gode solforholda gjer at det er ideelt for å dyrke frukt og bær på nordsida av Gloppefjorden. Det som ikkje går til salg i sesongen blir omgjort til saft, syltetøy, gelear og fruktmost. Mange av produkta våre kan du handle i den sjølvbetjente salgsboda «syltekottet» som står ved vegen.
Vårt mål er å drive på ein bærekraftig måte. Vi er derfor opptatt av å utnytte alle ressursane garden kan tilby. Øvst i frukthagen var det for grunt til å plante epletre, så i staden valde vi å sette opp to hytter. Det er ingen bilveg til hyttene; du må vandre gjennom frukthagen, og du kan gjerne plukke med deg eit eple eller to når det er sesong. Vi kan sjølvsagt hjelpe deg med å frakte bagasjen din opp med ein ATV om du ønskjer det.
Ved fjorden kan du leige sauna og båt. Det er gratis sup-brett til gjester i hyttene våre.
Vi har to båtar til utleige. Ein du kan køyre på eigenhand og ein som vi leiger ut med guide. Då vil Magne eller Nicolai ta deg med ut på tur, enten du vil fiske eller bare oppleve naturen.
På sommartid når båtane er ute på fjorden, bruker vi naustet vårt til å ta imot små og store grupper. Vi tilbyr historiefortelling, vandring i frukthagen, bærplukking, underhaldning og smaking i naustet vårt.
Velkommen til Gards.

