Olaløo
Kontaktperson:
Inger Lise Bondhus
Adresse:
Bondhus 26, 5476 Mauranger
Telefon:
Nettside:
E-post:
Mat og drikke for gane og sjel
I den djupe fjorden, i den ville naturen og i dei kalde fjellvatn lever fangsten som har metta våre forfedrar i hundrevis av år. Dette vil me vidareføra med å tilby deg lokale råvarer og lokale mattradisjonar. Me går heller ikkje av vegen for å tenkja nye og spennande rettar av alle slag. Det er opp til deg kva du vil eta og drikka på våre bord. Ta kontakt så tilpassar me måltidet og arrangementet akkurat slik du ynskjer. Me har alle rettigheiter når det gjeld alkoholservering og tilbyr gjerne lokalbryggja cider og øl. Vel bekomme ønsker vertskapet Inger Lise Bondhus og ektemann Arild Lunde, me gjer vårt beste for at du skal trivast hos oss.