Nutheim Gjestgiveri
Kontaktperson:
Solveig Barstad
Adresse:
Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal
Telefon:
Nettside:
E-post:
Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive hotell i hjartet av Telemark med vakker utsikt over dalar og fjell. Hotellet stod ferdig i 1877 og har vore i familiens eige sidan 1917. Som gammal skysstasjon og ei plassering rett ved den gamle E134 har vi lang tradisjon for å ta imot gjester og vegfarande til overnatting og matservering.
Me har fått kvalitetsmerket Olavsrosa for bevaring og videreformidling av vår kulturarv.
I tilegg til å vera eit hotell med lunsj og middagsservering, så steller me istand arrangement som konsertar og utstillingar gjennom året. I låven på tunet tar me imot kurs og møte eller festleg lag.
Me har eige vigsla kapell der ein kan gifte seg, og ha barnedåp om ein vil.
Me har ope kvar dag ifrå mai til oktober..
I vintermånadane har vi ope for grupper, bestilte arrangement, selskap og kurs og konferanser.
